Hopp til innhold

Såg broren bli drepen av IS

VASSENDEN (NRK): Han mista kontakten med storebroren sin i februar. I april såg han broren bli halshoggen av terrorgruppa IS.

Yuhans Kidane

TUNGT: Yuhans Kidane har det tungt etter at han såg broren bli drept av IS.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg klarer ikkje ete skikkeleg eller sove. Eg berre eksisterer, seier Yuhans Kidane. 27-åringen frå Eritrea leitar etter orda.

Han vrir hendene mot kvarandre, ser ned i bakken og stemma kan nesten ikkje høyrast.

– Då eg skjønte det var bror min eg sat og såg på .... det var grusomt.

Såg broren med bøddelen

Han tok kontakt med Aftenposten.no for å fortelje historia si. Og vil gjerne at fleire set fokus på kva handlingar IS gjer.

– Dei øydelegg folk, familiar og drep uskuldige.

Yuhans fortel at han fekk tilsendt ein video av ein ven. Ein video av terrorgruppa IS og deira umenneskelege behandling av fangar.

Bilete frå video som IS har lagt ut

PÅ REKKE: Eritrearane vart drepne av IS på denne stranda i Libya.

Foto: © AP
Tesfay Kidane

BROREN: Kidane sin bror vart drepen av IS. Sjølv såg han den grufulle hendinga på ein video han fekk tilsendt.

Foto: Henta frå IS-video

Denne videoen viste henretting av etiopiske og kristne eritrearar på ei strand i Libya. Iført oransje fangedrakter med kvar sin bøddel bak seg, sit det fleire menn på kne.

Dei veit kva som skal skje. Og der, i rekka av menn, sat Tesfay Kidane. Storebroren som alltid passa på veslebror Yuhans.

– Eg har alltid snakka mykje med han. Også etter at eg kom til Norge og Jølster. Men i februar mista eg kontakten med han, og var svært uroleg for kva som var skjedd med han, fortel Yuhans.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yuhans Kidane

FEKK VIDEO: Kidane fekk tilsendt ein video frå ein ven som viste henrettinga av broren.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Eit liv på flukt

Drept av IS

SOTREBROR: Tesfay Kidane sitt liv vart tatt av terrorgruppa IS. Yuhans minnast broren som ein som alltid passa på han.

Foto: privat

Familien som tel ni søsken vaks opp i Eritrea. Men flykta frå militærregimet der. I heimlandet vart dei tvinga til å vere soldatar.

Men det var ikkje noko liv. Dei to brørne ville vekk. Storebror Tesfay reiste til Israel. Yuhans enda i Sudan.

No bur han på Vassenden asylmottak. Det var storebroren som hjelpte han til Noreg ved hjelp av menneskesmuglarar.

– Tesfay hadde det ikkje bra i Israel. Dei stramma inn asylpolitikken sin, og gav han tilbod om å bli sendt ut av landet til Rwanda, seier Yuhans.

Men lovnadane om eit betre liv der var ikkje hald i. Korrupsjon og manglande styring i landet førte til at storebroren ville vidare og vekk. Han satsa på å komme seg til Europa. Og starta på turen. Den gjekk frå Rwanda til Egypt og deretter Libya.

– Eg snakka med han då, og han var klar for å starte eit nytt liv.

Halshogde kristne

Terrorgruppa IS herjar i Libya. Og tok Tesfay til fange. Men veslebroren i Jølster visste ingenting.

– Eg har vore så redd for han. Men no veit eg kva som skjedde med han, seier han stille. Blikket er tomt.

Videoen som terrorgruppa spreidde på nettet i midten av april viser 30 fangar. Med musikk og ei forteljarstemme drep dei fangane som alle skal vere kristne og som, ifølgje IS, nekta å vende seg til islam. Videoen har vakt reaksjonar verda over, og verdssamfunnet har fordømt den.

– Eg håpar nokon tek IS og gjev dei den straffa dei fortener. Dei spreier berre vald og elende og gjer grufulle handlingar. Dei må stoppast. Difor vil eg fortelje om broren min. For han var eit godt menneske som passa på meg og som eg var glad i. Og no har dei teke han frå meg, seier Yuhans.

På tysdag reiser Yuhans frå Jølster til Hjelmeland i Rogaland. Og skal prøve å starte eit liv.

– Eg har ikkje lenger så mykje håp for framtida. Eg kjenner meg tom og redd og fryktar for resten av familien min. Eg har ikkje råd til å miste fleire, seier han.