Hopp til innhold

Såg bjørn like ved hytta

Bjørnen som er på streif i Sogn og Fjordane vart natt til fredag sett utanfor Førde sentrum.

Milan Schrøder
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Solheim i Førde.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I to-tida om natta såg Milan Schrøder bjørnen like ved hytteveggen på Solheim. Plassen ligg om lag ni kilometer utanfor Førde sentrum mot Jølster.

- Sikker observasjon

- Eg skulle ut på do, og då eg kom ut såg eg eit stort svart dyr. Det var først då eg kom inn igjen at eg kom på at dette kunne vere ein bjørn. Men då eg gjekk ut igjen var det vekke. Likevel er eg heilt sikker på det var ein bjørn eg såg. Dyret er for stort til å vere ein jerv, og sau kunne der ikkje vere, seier Schrøder.

Vart liggande vaken

Schrøder hevdar sjølv han ikkje vart redd.

- Nei, det vart eg ikkje. Bjørnen er jo redd folk, og det er sjeldan at den angrip folk. Likevel ville eg ikkje gå lenger ned, for ein veit jo aldri. Eg låg lenge vaken for å prøve å sjå han igjen, men det gjorde eg altså ikkje.

Han har ikkje sett fotavtrykk etter bjørnen fordi marka er svært tørr i området.

To observasjonar 

Ingrid Ask.
Foto: MMS-foto: privat

Også fleire har sett det som truleg er den same bjørnen. Laurdag morgon såg Ingrid Ask (11) det ho meiner var ein bjørn berre nokre få kilometer aust for Solheim.

- Eg er heilt sikker på at det var bjørn eg såg ved Moskog i Førde laurdag morgon. Eg såg i bakenden på dyret ved inntaksdammen til Stakaldefossen kraftverk ved Moskog, fortel Ask.

Ho var på veg til ein turlagstur som Sogndal turlag arrangerer i Askvoll og Solund denne helga, då ho fekk auge på det store dyret like ved E39.  

Stakaldefossen.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

- Luska rundt

- Eg fekk auge på ein bjørn som luska rundt i terrenget like ved eit vatn. Han var ikkje meir enn om lag 100 meter frå europavegen. Det var litt spesielt, men eg vart ikkje redd, vi sat jo trygt i bilen, seier jenta.

Også faren til jenta, Marino J. Ask, er sikker på at det er ein bjørn dottera har sett.

- Det er vi ganske sikre på. Ho hadde ei god skildring av korleis bjørnen såg ut, og ga fort melding om at det var bjørn ho hadde sett. Ho har vore i bjørnepark tidlegare så ho veit korleis dyret ser ut, seier han.

- Vanskeleg å finne spor

Bonde Olav Kåre Kusslid fekk melding om at det var observert bjørn ved Moskog i Førde, og fleire andre som bur i området har vore å sett etter bjørnen, men dei har ikkje klart å sjå noko.

- Det er så tørt og hardt i dette området at det er vanskeleg å finne noko spor. I tillegg er det tett med skog og eit vanskeleg terreng å leite i. Uansett kjem vi til å fortsette leitinga utover helga, seier Kusslid.

Sikre spor i Fjærland

Denne veka vart det konstatert at det var bjørn i fylket for første gong på 50 år. I Fjærland vart tre sauer drepne, og ein fann sikre spor etter bjørnen.