Hopp til innhold

Cuptriumfen tok Håvard Flo på senga

– Ut frå det vi hadde førespegla oss før avreise, så vart dette litt over forventinga, vedgår sportsleg leiar Håvard Flo etter at Sogndal gjekk til topps i La Manga-cup onsdag.

Håvard Flo

OVERRASKA: Håvard Flo er overraska over at Sogndal gjorde det så bra som dei gjorde på La Manga.

Foto: Arne Eithun / NRK

Sogndal reiste til den spanske solkysten utan imponerande resultat så langt i vinter, men med ein ny formasjon i bagasjen.

På La Manga gav det siger mot divisjonskollega Aalesund, Start og Brann.

– Den har gjeve oss ein boost i høve til det å kunne vere offensive og stå høgt ved ballgjenvinning. Med den meiner eg vi har fått tilbake dimensjonen som viser at vi kan vere med å konkurrere mot gode lag, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Første på 20 år

For han vedgår at 1-2 mot Førde, 2-2 mot HamKam og 3-0 over Florø ikkje på noko vis varsla kva som ville skje på La Manga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal feirar sitt første trofé på over 20 år.

JUBEL: Sogndal feira sitt første cuptrofé etter sigeren over Brann onsdag.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

Cuptriumfen på La Manga er Sogndal sin første på over 20 år. I 1993 slo dei Moss 2-1 i finalen i Würth-cup, så var ein cup for 1. divisjonslag.

– Eg må vedgå at dette var litt over forventing ut frå det vi gjorde før avreise. Men så har vi prøvd ut ein ny formasjon, seier Flo om systemet som dei også var innom ved eitt par høve i fjor.

Har funne formasjonen

Heime mot Vålerenga og seriemeister Strømsgodset gav ikkje det tilsvarande effekt som på den spanske solkysten. Begge kampane enda i tap.

– For all del, det er tidleg i sesongen. Men det kan også vere eit pluss i så måte at vi framleis har tid til å pusse endå meir og vidareutvikle formasjonen i høve til roller og spelarane vi har i posisjonane, seier Flo.

– Betyr dette at det er i denne formasjonen vi vil sjå Sogndal i år?

– Trenarteamet har vel ikkje heilt fått sett ord på det sjølv, men det triggar oss veldig. Ingenting er skrive i stein, som det heiter, men det vil overraske meg mykje om det ikkje blir ein del av grunnformasjonen.

Brann skapte lite

Sogndal spelte i fjor ein formasjon som likna mest på 4-4-2.

– Erfaringane med den nye formasjonen har vore veldig oppløftande. Sjølv om Brann hadde ein del spel på oss og trykker oss tilbake, så har dei berre sporadiske tendensar til å skape noko. Vi hadde derimot nokre relativt store sjansar, utanom scoringa, seier Flo og legg til:

– Sogndal dett vel ut på plussida i kampen mot Brann.

Eitt baklengsmål

På dei tre kampane i Spania har Sogndal sleppt inn berre eitt baklengsmål mot divisjonskollegaene, og Flo meiner å sjå at formasjonen appellerer til spelarane.

– Vi har merka på spelarane at dei har humør, entusiasme og glede. Eg trur det har mykje med den nye spelestilen å gjere, seier Flo.

– Den fungerer godt for spelarane vi har, samt at vi ser hospitantane trivast godt. Vi får gjenvinning høgt på bana og då kan det bli fleire sjansar til angriparane, avsluttar han.