«Harald er sjefen med stor S»

– Han bryr seg om supporterane. Det er varemerket hans, seier styremedlem i Satfkokaradn, Geir Frode Lunden. Søndag leiar Harald Aabrekk Sogndal ut på Fosshaugane for siste gang.

Harald Aabrekk og Geir Frode Lunden

RESPEKT: Harald Aabrekk held ei høg stjerne hos Geir Frode Lunden (innfelt) i Saftkokaradn.

Foto: Oddleif Løset/NRK / saftkokaradn.com

Søndag speler Sogndal sin siste kamp denne sesongen, heime mot seriemeistrar Molde. Det blir den siste kampen som Sogndal-trenar for Harald Aabrekk.

– Karisma

Det har storma rundt Harald Aabrekk og Sogndal Fotball dei siste månadene. Det var klart allereie før sesongen at dette kom til å bli Aabrekks siste sesong, men det heile toppa seg i oktober.

Geir Frode Lunden

SAFTKOKAR: Styremedlem og arrangementsansvarleg i Saftkokaradn, Geir Frode Lunden.

Foto: saftkokaradn.com

Trass i alt oppstyret, Aabrekk har på nærast mirakuløst vis berga Sogndal sin plass i eliteserien etter ein veldig tung start på sesongen. No er han ferdig på Fosshaugane Campus, og på kampen søndag vil supporterklubben til Sogndal, Saftkokaradn, markera dette.

– Me kjem til å takka han for innsatsen i Sogndal dei siste to åra. Han har ein karisma, og på mange måtar ein sjarm. Han kjem alltid bort til oss supporterar både før og etter kamp, og det set me utruleg stor pris på.

Liten supporterklubb

Saftkokaradn

SAFTKOKARADN: Det var bra stemning då Sogndal slo Brann på heimebane denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Saftkokaradn har rundt 100 til 120 medlemmer, og plar å vera opp mot 100 personar på kampane. Det gjer dei til den minste supporterklubben i eliteserien.

– Han syner oss at me er viktige, sjølv om me ikkje er so mange, seier styremedlem og arrangementsansvarleg i Saftkokaradn, Geir Frode Lunden.

– Varemerket hans er at han bryr seg om supporterane, og for meg vil han alltid vera ei spesiell sjel på Fosshaugane. Harald er sjefen med stor S.

– Synd han gir seg

Harald Aabrekk

BLIR HYLLA: Sogndal-trenar Harald Aabrekk.

Foto: Rune Fossum

Sogndal sikra førre helg plassen i eliteserien. Sjølv om Sogndal ikkje klarte å sigra mot Odd Grenland på Skagerak Arena, gjorde Viking jobben heime mot Start og tok eitt poeng frå sørlendingane. Det gjer at Start ikkje kan ta att Sogndal på tabellen, noko Lunden naturleg nok er godt nøgd med.

– Det var utruleg godt å sikra plassen. Det Aabrekk og støtteapparatet har fått ut av spelartroppen er imponerande, og det er synd at han gir seg no.

Jonas Olsson

NY TRENAR: Svenske Jonas Olsson.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter nyttår tek svenske Jonas Olsson over skuta, og Lunden er usikker på korleis det blir neste sesong.

– Det er ei fjør i hatten for Sogndal at dei har fått Olsson, men me får sjå om han klarer å fylla skoa til Aabrekk.

Ikkje berre Aabrekk

Mats Solheim

ANDRE VEGEN: Medan Jonas Olsson kjem frå Sverige til Noreg, går Mats Solheim andre vegen. Neste sesong skal han spela fotball hos «Söta bror» for klubben Kalmar.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Det er ikkje berre Aabrekk som takkar for seg på søndag. Fleire spelarar er allereie klare for andre klubbar. Blant dei er Mats Solheim som skal til svenske Kalmar.

– Solheim er ein flott fotballspelar som har blødd for Sogndal-drakta, og eg vart litt overraska då det vart klart at han reiser til Kalmar, seier Lunden.

– Cato Hansen er ein annan spelar eg gjerne skulle hatt med vidare i Sogndal, men det kan vera at Olsson har andre planar for kva spelarar han vil ha med.