Hopp til innhold

Saftkokaradn uroa for Sogndal

Sogndalsupporterane er lite nøgde med situasjonen klubben har hamna i. – No må spelarane skjøne alvoret, gå i seg sjølv og det dei driv med, seier Geir Frode Lunden, arrangementsansvarleg i Saftkokaradn.

Sogndal - Sandnes Ulf

NEDTUR: Sogndal Fotball starta sesongen svært bra, men har berre kapra sju poeng på dei siste 14 kampane. Saftkokaradn er urolege over utviklinga.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

Etter å ha lege på sølvplass etter seks kampar tok Sogndal steget ned på kvalifiseringsplassen etter tapet mot Sandnes Ulf i helga.

Fasiten på dei 14 siste seriekampane er lite imponerande; ein siger, fire uavgjort og ni tap. No er det berre ti kampar att av serien.

Karl-Petter Løken

HAR TRUA: NRK sin fotballekspert, Karl-Petter Løken.

Foto: NRK

– Vi i Saftkokaradn er ikkje særleg happy med at Sogndal rotar seg ned att i nedrykksstriden. Kvifor det har skjedd, er det berre trenar Jonas Olsson som har svaret på, seier Geir Frode Lunden, engasjert supportar og arrangementsansvarleg i Saftkokaradn.

Løken trur på Sogndal

Mot alle odds starta Sogndal sesongen forrykande og gjorde alle nedrykkstips til skamme. Men etter tapet for Florø i cupen, har Sogndal falle sakte, men sikkert på tabellen. Med 30 poeng att å kjempe for, har Sogndal fire poeng å gå på til Fredrikstad på nedrykksplass.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Kampprogrammet som avgjer botnstriden

Stabæk (10 poeng)

Fredrikstad (15 poeng)

Sogndal (19 poeng)

Rosenborg (h)

Aalesund (h)

Strømsgodset (h)

Odd (b)

Lillestrøm (b)

Fredrikstad (b)

Fredrikstad (h)

Sogndal (h)

Tromsø (h)

Molde (b)

Stabæk (b)

Hønefoss (b)

Tromsø (h)

Vålerenga (h)

Lillestrøm (h)

Hønefoss (b)

Haugesund (b)

Viking (b)

Viking (h)

Brann (h)

Aalesund (h)

Lillestrøm (b)

Sandnes Ulf (b)

Vålerenga (h)

Sogndal (h)

Odd (h)

Stabæk (b)

Strømsgodset (b)

Rosenborg (b)

Brann (h)

 

Molde (h)

 

Ekspander/minimer faktaboks

NRK sin fotballekspert Karl-Petter Løken sa før helga at han trur Sogndal vil berge plassen. Han trur Fredrikstad og Stabæk må ta det tunge steget ned i 1. divisjon.

– Dei får det tøft, og det blir ein kamp for å overleve utover hausten. Dei neste kampane blir veldig viktige for Sogndal, og dei treng eit felles løft og må håpe på stang inn. Flaks i fotball er undervurdert, sa Løken.

Må gå i seg sjølve

Det både trur og håpar også Lunden og resten av Saftkokaradn.

Geir Frode Lunden

UROLEG: Geir Frode Lunden og Saftkokaradn likar ikkje motgangen som Sogndal er inne i.

Foto: saftkokaradn.com

Og han meiner at det er noko klubben bør klare i fellesskap – og utan trenarbyte og nye spelarar.

– Dette klarer dei, men då må dei gjere noko med seg sjølve. Stallen er meir enn god nok til å hevde seg midt på tabellen. Dei første kampane spelte dei nydeleg angrepsfotball, og dei hadde flyten. Kvar dette vart av, er eit like stort spørsmålsteikn for meg som for alle andre, seier han.

– Sjølvtilliten og trua er vekke

Mot Sandnes Ulf i helga var Sogndal det førande laget til brasilianske Ricardo Santos sette inn sitt første mål for sesongen. Så tok heimelaget over kampen og vann til slutt fullt fortent 3–1.

Med det bytta laga plass på tabellen, og saftlaget er per no innehavar av den svært utsette 14.-plassen som betyr kvalifiseringsspel for eliteseriekontrakt i 2013.

– Sjølvtilliten og trua på seg sjølve og laget er heilt vekke. Det finst ikkje sjølvtillit i laget, og det finst ikkje noko system på det dei driv med no. Dette blir beintøft, konstaterer Lunden.

– Ein dyktig trenar, men ...

På diskusjonsforumet til Saftkokaradn blir både formasjon og ikkje minst spelarane sin innsats diskutert. Dei meiner laget saknar ein markant leiartype på bana, som kan ta tak i motgang, og dei vil sjå spelarane «blø for drakta».

(Artikkelen held fram under biletet)

Saftkokaradn

JUBEL: Saftkokaradn vil ha meir å juble for og oppmodar både spelarar og publikum til å brette opp ermane dei siste ti kampane.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Supporterane stiller også spørsmålsteikn ved trenar Olsson, som tidleg i sesongen vart hylla for sine taktiske disposisjonar.

– Olsson er ein dyktig trenar på alle vis, og eg forstår det slik at han har fått inn litt meir profesjonalisme i klubben både på spelarnivå, støtteapparat og administrasjon. Men ein ting er å trene, ein annan ting er å takle presset når du skal kjempe om poeng, seier Lunden.

Taktiske disposisjonar

– Det handlar om kva type spelar som skal bytast inn og når. Det handlar om kva spelarar som er gode nok for startellevaren. Formasjon har vore tema på forumet, men eg trur ikkje det er hovudgrunnen til motgangen no, seier Lunden og held fram:

– Det er det individuelle blant spelarane som sviktar når dei skal fungere kollektivt. Det har vore ein tendens sidan rett før sommarferien. Det handlar om å få i gang kollektivet, at spelarane kjenner sine oppgåver for at Sogndal skal fungere som eit fotballag.

Leiter etter feil

– Eg trur ikkje vi skal byrje å snakke om trenarbyte slik eg ser det, men Olsson og støtteapparatet må setje seg ned og sjå på ein del taktiske disposisjonar. Og det må gjerast kjapt, seier Lunden.

Trenar Jonas Olsson vil ikkje ta noko diskusjon kring taktiske disposisjonar eller vurderingar. Han vil heller ikkje utan vidare hevde at det er kollektiv svikt eller formasjonen som har skulda for manglande resultat i det siste.

Jonas Olsson

HAR TRUA: Trenar Jonas Olsson trur Sogndal skal klare å snu trenden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– I eliteidrett er resultata det viktigaste. Ut frå det skaper ein seg eit bilete av det kollektive. Når ein vinn, så gløymer alle skavankane. Når ein ikkje vinn, så leiter ein etter feil, og pratar gjerne om kollektiv og formasjon, seier han.

– Vi er eit bra lag med bra trenarar, det handlar berre om å byrje å tru på det vi driv med slik som i starten av sesongen. Og det arbeidet må spelarar, trenarar og støtteapparat gjere i fellesskap, seier han.

– Mykje psykologi

Olsson vedgår at det handlar mykje om psykologi for å snu den negative trenden som klubben er inne i.

– Det bølgjer opp og ned. Vi har hatt ei lang rekkje med kampar der vi ikkje har vunne og kampar vi har vore nær å vinne, men berre fått uavgjort. Slikt set seg i hovudet, og så byrjar ein å gruble, seier han.

– Eg veit ikkje om det er mangel på sjølvtillit som er problemet. Vi er knytte i kampane, og er ein knytt så legg ein mykje krefter og blir fort trøytt. Då kjem det eine etter det andre og så har du litt motgang i kampane. Det er mykje psykologi i fotball, held Olsson fram.

– Vi vil klatre

Olsson seier dei jobbar kontinuerleg med å snu den negative trenden. Og han er trygg på at Sogndal vil lukkast.

– Vi veit at vi har kvalitetar. Det viste vi tidleg i sesongen. Det gjeld å bryte den negative trenden, og når vi har gjort det så trur eg vi skal kapre mange poeng. Det er lett å gløyme at vi før sesongen var dømde nord og ned, og folk meinte at vi ikkje hadde noko å gjere i Tippeligaen, seier han og held fram:

– Men vi held oss «flytande» og er på kvalikplass. Vi har ambisjonar om å klatre på tabellen att og allereie søndag blir det ein ny tøff kamp.

Kokarane si bøn

Til helga kjem eit Strømsgodset-lag på sølvplass til Fosshaugane.

Lunden meiner det er ein perfekt kamp for å snu trenden, ein kamp der både publikum og spelarar samlar krefter for å få Sogndal tilbake på vinnarsporet.

– Sjølv om publikum er utålmodige og kanskje leie av det dei ser på, så må ein for all del møte opp og støtte laget. Spelarane treng støtte frå heile Fosshaugane, og ikkje berre Saftkokaradn. Men då må og spelarane gjere jobben som dei er sett til, og mot Godset er berre tre poeng godt nok, seier han.