Hopp til innhold

Saftkokaradn tok til tårene på Brann stadion

BERGEN: For første gong på tretten år tok Sogndal full pott i Bergen. Samstundes sette klubben ny klubbrekord med sju strake sigrar. For saftkokarsjefen vart det nesten for mykje av det gode.

Saftkokaradn tok til tårene

HISTORISK TRIUMF: Fotball er kjensler. For Saftkokaradn vart det nesten for mykje av det gode, etter braksigeren mot storebror Brann i går.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Heilt sjukt, heilt sjukt, heilt sjukt.

Supportersjef Vidar Vadseth slit med å finne orda etter å ha sett Sogndal køyre fullstendig over Brann i deira eiga leikegrind. 4-0 på Stadion, slikt kan få fram kjensler, også hos godt vaksne folk.

– Eg er heilt på gråten. Eg er så utruleg imponert over det karane leverer ute på bana. Alle jobbar og står på som berre juling, seier Vadseth.

Saftkokaradn mana til målfest

Uverkeleg. Ufatteleg. Avkledning. Audmjuking. Dei sterkaste orda i fotballvokabularet måtte hentast fram for å skildre det som skjedde på Brann stadion i går kveld.

Vidar Vadseth og dottera Julie framfor huset på Stedje

PÅ GRÅTEN: Vidar Vadseth, her med dottera Julie, måtte nesten ta til tårene då Sogndal høvla over Brann.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter kvart som måla byrja å trille inn, visste ikkje dei tusen tilreisande frå saftbygdda om dei skulle måpe eller juble. Men raskt vart det klart at Brann ikkje hadde noko som helst å svare med. Då kunne Saftkokaradn sleppe ned skuldrene.

Taktfast byrja dei å forlange både fem, seks og sju mål. Sogndal sin sjuande strake siger, var også den som smakte best.

– Det har vel ikkje vore scora hattrick her sidan Harald Martin Brattbakk herja. Det er berre heilt fantastisk, seier Vadseth, med adresse Kristian Fardal Opseth, som tok sjansen på best mogleg måte i Ulrik Flo sitt skadefråver.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal takkar Saftkokaradn

MOTTEK HYLLESTEN: Spelarane takkar supportarane etter kampen. Sjeldan har så mange støtta laget på ein bortekamp.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Stor dag for alle som heiar på Sogndal

Azar Karadas er kraftpluggen frå Nordfjord som valde Brann framfor Sogndal i fjor. Han måtte innrømme det opplagte: Brann hadde ikkje noko å stille opp med.

– Dei sprang ikkje berre frå oss. Dei var betre på alle måtar. Det må vi ta til oss og jobbe utifrå det.

Lars Arne Nilsen er trenaren som skal få Brann-skuta på rett kjøl. Etter ein lovande start, gjekk den kraftig på skjer i går.

– Vi får juling. Dei viste kor lista ligg når det gjeld løpskraft, duellkraft og vilje, seier han.

Sogndaltrenar Eirik Bakke var naturleg nok nøgd med det han såg. No har serieleiaren 11 poeng ned til Sandnes Ulf på andreplass.

– Supportarane har venta lenge på ein siger på Stadion. Vi har tapt dei sju siste kampane mot dei, så det seier seg sjølv at dette er ein stor dag for alle som heiar på Sogndal, seier Bakke.