NRK Meny
Normal

– Vi er blitt halde for narr av fylkesordføraren, seier Per Sævik

Minoritetseigaren Per Sævik i Fjord1 er opprørt etter å ha høyrt fylkesordførar Jenny Følling om kvifor bodet frå Havilafjord ikkje vart presentert for fylkestinget.

Per Sævik

KLAR TALE: Per Sævik reagerer sterkt på han ikkje skal ha følgt spelereglane i bodkampen om Fjord1.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

MF Årdal

STRIDEN OM FERJEGIGANTEN: Politikarane i Sogn og Fjordane sel Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Minoritetseigar Per Sævik ville også gjerne kjøpe, men meiner han blei avvist kort tid før salet blei vedtatt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er mildt sagt berre tull. Det var deira rådgjevar som sa at fristar ikkje betydde noko. Det har eg vitne på. Når fylkesordførar Jenny Følling framstiller det som om det er ein kvit riddar i dette, og det er fylkeskommunen, så reagerer eg veldig sterkt.

Les også: Følling: – Havilafjord kom aldri med noko konkret bod

Tok kontakt

Det seier Per Sævik som gjennom selskapet Havilafjord AS eig 41 prosent av aksjane i Fjord1, der fylkeskommunen eig 59 prosent. Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok måndag å selje eigarposten i Florø-reiarlaget til trafikkselskapet Torghatten med 16 mot 15 røyster.

Ifølgje Firda kom minoritetseigar Per Sævik hans Havilafjord AS med eit tilbod og ein pris som nesten matcha Torghatten. Det var informasjon som fylkesordføraren og fylkesrådmannen valde å ikkje legge fram for fylkespolitikarane.

Fredag vedgjekk Jenny Følling i går at administrasjonen burde orientert politikarane om saka.

Fylkeskommunen sin rådgjevar

Opplysningane om det ukjende bodet førte til at fylkesutvalet vart kalla saman til hastemøte fredag. Etter møtet avviste Følling at fylkeskommunen si kontakt med Sævik kunne kallast eit reelt bod, og sa ein av aktørane hadde prøvd å kjøpe ekstra speletid.

Dette avviser Sævik totalt etter å ha høyrt Følling i NRK.

– Vår rådgjevar tok kontakt med Jenny Følling om eit mogeleg eigarmøte, og vi fekk svar gjennom rådgjevarane. Torsdag 12. november klokka 13 var det eit møte i lokala til Sparebank Market som er vår rådgjevar. I møtet var det eg som var mest skeptisk til om det gjekk an å opne for nye forhandlingar. Men fylkeskommunen sin rådgjevar meinte at det ikkje var noko problem for det var lang tid til måndag, og formelt var det ikkje noko problem å gå i forhandlingar. Når då Følling framstiller det som om dei har følgt spelereglane, verkar det mildt sagt komisk.

Styrer mot rettssak

At det finst vitne frå dette siste møtet, der Følling sjølv ikkje deltok, blir eit sentralt punkt i den varsla rettssaka i kjølvatnet av Fjord1-salet, åtvarar sunnmørs-investoren som har bygt opp si formue innan supplybåtar offshore.

– Vi har vitne, og dette vil bli ein del av den kommande rettssaka. Vår intensjon med dette møtet var å sjå om vi kunne finne ei løysing for å unngå ei opprivande rettssak slik vi no gjer, seier Fjord1-aksjonæren.

– Heldt oss for tomt prat

Sævik avviser påstanden frå Følling om at dei ikkje har følgt spelereglane fordi dei ikkje gav noko konkret bod.

– Det har ikkje noko med spelereglar å gjere, så lenge rådgjevaren til fylkeskommunen seier at ingen tog har gått før måndagen når fylkesutvalet skal ha møte. Alle som har følgt saka veit at det har vore minst eit titals fristar å ta omsyn til i løpet av det halvanna året. Så å gjere dette til ei formalia-prosedyren, slik Følling gjer det, synest eg ramlar på si eiga urimelegheit, seier Sævik.

Han legg til:

– At dei heldt oss med godt prat frå torsdag middag til laurdag klokka 12 er ei anna sak. Eg trur ikkje dei reelt sett var interesserte i å få til noko som helst.

– Så du meiner de er halde for narr i dialogen?

– Ja, det meiner eg. Det som er det viktige er at det var fylkeskommunen sin rågjevar som meinte at det ikkje var noko problem med å gå i dialog, medan det var eg som var den skeptiske.

Sævik seier dette vil vere sentralt i ei rettssak, og at dei har prøvd å finne løysingar utanfor rettssystemet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser