Hopp til innhold

Fekk fast jobb etter tre år i Noreg

Det er ikkje ein sjølvfølge at Saed Bariise (45) skulle få jobb på Krokane skule. Det store engasjementet hans for å lære seg norsk var avgjerande.

Saed Bariise hjelper førsteklasseelev

LÆRARASSISTENT: Saed Bariise (45) kom til Noreg frå Somalia i 2015. I fjor fekk han 50 prosent fast stilling som lærarassistent. Her hjelper han ein førsteklasseelev Erik Førde-Jagedal med å lese, skrive og setje ring rundt ulike ord.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det gler meg meir enn eg kan forklare.

Då Saed Bariise (45) kom til Noreg i 2012, hadde han eit sterkt ynskje om å jobbe som lærar, slik som i heimlandet. Han la difor inn ekstra innsats og lærte seg språket.

– Eg nytta sjansen Innvandrarsenteret i Florø gav meg til å lære meg norsk, og har lest og skrive mykje. Eg snakkar ikkje perfekt, men eg kan kommunisere godt.

Lærarassistent Saed Bariise frå Somalia

INNSATS: Saed Bariise frå Somalia har lagt inn ekstra innsats for å lære seg norsk. Han har brukt mykje tid på lesing og skriving.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Mange om beinet

Etter berre eitt og eit halvt år på Innvandrarsenteret fekk han språkpraksis eit halvt år på Krokane skule. I språkpraksis praktiserer flyktningane norsken sin, i tillegg til å få eit innblikk i arbeidslivet.

I fjor fekk trebarnsfaren frå Somalia 50 prosent stilling som lærarassistent. Rektor Bjørg Aslaksen seier norsken hadde mykje å seie for tilsetjinga.

– Vi såg i språkpraksisen at han forbetra norsken sin betrakteleg. Han gjorde ein aktiv innsats for å bli god i norsk, seier ho.

Skulen tar inn ein til to innvandrarar i praksis i løpet av eit år. Det er mange om beinet, men grunna økonomi er det få som får jobb vidare.

 Rektor Bjørg Aslaksen ved Krokane skule

GULLFUNN: Rektor Bjørg Aslaksen ved Krokane skule fortel at Saed Bariise er eit gullfunn.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Vi valde Bariise fordi han har pedagogisk bakgrunn og ein god personlegdom som passa godt inn hos oss. Då han fekk jobb hadde vi også eit lite fleirtal av elevar frå Somalia, og då passa det godt at han var eigna, fortel rektor Aslaksen.

Fleire ansvarsoppgåver

Saed Bariise byrja som morsmålsassistent, men har no moglegheit til å hjelpe alle elevar i 1., 2. og 4. klasse med oppgåver og konsentrasjon.

Han er det eg kalla eit gullfunn. Han har ein naturleg autoritet. Han ser barna. Han er fagleg dyktig – så han kan hjelpe på dei fleste faglege områda

Rektor Bjørg Aslaksen

Somaliaren held spesielt auge med dei framandspråklege elevane, og hjelper dei å forstå spørsmål frå læraren. Han jobbar også i grupper med enkeltelevar som treng oppfølging, med blant anna lesing og omgrepstrening.

Korleis er Saed som assistent?

– Han er det eg kallar eit gullfunn. Han har ein naturleg autoritet, han ser barna, er fagleg dyktig – så han kan hjelpe på dei fleste faglege områda, seier Aslaksen.

Saed Bariise og Zackaria Mohamed Ahmed

MANGE OPPGÅVER: Saed Bariise byrja som morsmålsassistent, men har no moglegheit til å hjelpe alle elevane i både 1., 2. og 4. klasse.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Bariise fortel at alle kan få jobb om dei verkeleg ynskjer det.

– Om ein person har vilje og innovasjon trur eg ein kan få jobb. Eg var heldig, sjølv om eg hadde erfaring som lærar. I undervisninga skrytte lærarane av meg, og då gav rektoren meg sjansen.

45-åringen er glad i jobben han har, men drøymer om å utdanne seg til lærar.

– Målet mitt er å bli lærar, sjølv om utdanninga tar lang tid. Assistentstillinga er difor ein god start for meg.