Hopp til innhold

Saboterer gyrobehandling i Lærdal

Den siste tida er utstyr som vert brukt til gyro-behandling av Lærdalselva blitt sabotert.

Lærdalselvi
Foto: Kjell Arvid Stølen

Kablar er blitt avklipte og kraner som regulerer mengda av kjemikaliar blitt skrudd opp, skriv Sogn Avis.

– Dette har vi aldri opplevd før, seier prosjektleiar Atle Hindar til avisa.

Han er engsteleg for konsekvensane. Dersom det vert slept ut for mykje kjemikaliar kan det føre til at laksen døyr.

– Difor er det viktig at folk ikkje tuklar med det utstyret som er, seier han.

Det var i 1996 at det vart oppdaga at «dronninga mellom lakseelvar» var infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Sjølv etter mange behandlingar, har ein ikkje lukkast å bli kvitt parasitten.

Først blei all fisken i vassdraget utrydda med bruk av rotenon. Seinare har det blitt brukt surt aluminium i kombinasjon med rotenon.

No er målet om å utrydde gyroen i løpet av neste år. Det blir brukt 15 millionar kroner på behandlinga i år.