NRK Meny
Normal

Så vått har det ikkje vore på tretti år

To målestasjonar sette ny nedbørsrekord i det som har vore den våtaste novembermånaden i Sogn og Fjordane på 30 år.

Regnvær

VÅT MÅNAD: Oktober var knusktørr, november er den våtaste på fleire tiår på dei fleste målestasjonane.

Foto: Lise Åserund / Scanpix

Mange målestasjonar i fylket har målt opp mot 600–700 millimeter nedbør denne månaden og vi må tretti år tilbake for å finne tilsvarande tal.

Våtast var det i Hovlandsdal i Fjaler, her kom det 702,7 millimeter nedbør, med atterhald om at alle data har kome inn. Rekorden er på 814,4 millimeter og vart sett i 1986.

– November i 1986 og 1978 utmerker seg som særleg våte i Sogn og Fjordane, i tillegg til årets utgåve, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Ny rekord i Fjaler

Geir Ottar Fagerlid

VÅTT: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier det er meir regn i vente.

Foto: Meteorologisk Institutt

Ein av dei to målestasjonane som i år sette rekord i novembernedbør er Kyrkjestølane på Filefjell, med 110,1 millimeter.

– Det er ikkje så mykje, men det er langt inn i landet og høgt til fjells, det gjer at det er tørrare der enn andre plassar, seier Fagerlid.

Den andre er Furuneset i Fjaler, der har dei fått 476 millimeter, det meste som har blitt observert sidan 1972. Førre rekord var på 422 millimeter og sett i 2006.

Kontrastane er dermed store frå oktober, som var ein av dei tørraste i Sør-Norge. Statsmeteorologen seier det har mest med timing å gjere.

– I oktober hadde vi mest frålandsvind og høgtrykk som låg stabilt over Sør-Norge i lengre periodar. Men i november snudde det heilt om og vi fekk vestavêr. Normalt sett så pleier ikkje høg- og lågtrykk å følgje kalendermånadane, men i haust så har dei passa perfekt og det gjer at vi får veldig høge verdiar, seier han.

Meir regn i vente

Dei neste dagane ser det ut til å bli same melodien, pålandsvind og mykje regn.

– Heile veka vil det vere kraftige lågtrykk som treff Vestlandet. Det er vel eigentleg berre i morgon at vi har eit pusterom, før det blir på han igjen, seier Fagerlid.

– Så då kan det fort bli nye rekordar i desember?

– Viss dette held fram så kan det fort skje, men det kan òg fort snu. Vi har berre oversikt dei første fem-ti dagane i desember, seier Fagerlid.

Slik var vêret i november:

  • Takle, Gulen: 650,0 millimeter, rekorden er 852,9 millimeter frå 1986.
  • Ortnevik, Høyanger: 298,0 millimeter, rekorden er 414,2 millimeter frå 2006.
  • Selseng, Sogndal: 343,6 millimeter, rekorden er 403,9 millimeter frå 1978.
  • Hovlandsdal, Fjaler: 702,7 millimeter, rekorden er 814,4 frå 1986
  • Svelgen, Bremanger: 523,7 millimeter, rekorden er 668,4 millimeter frå 1978.
  • Eimhjellen, Gloppen: 525,7 millimeter, rekorden er 696,5 millimeter frå 1999.
  • Veitastrond, Luster: 328,9 millimeter, rekorden er 506,1 millimeter frå 1978.
  • Skei, Jølster: 363,9 millimeter, rekorden er 488,9 millimeter frå 1978.
  • Botnen, Førde: 624 millimeter, rekorden er 727,7 millimeter frå 1978.
  • Tefre, Førde: 451,8 millimeter, ny rekord, men målingane går berre tilbake til 1992.