Hopp til innhold

Så vart det fest i Fjaler

Tysdag kveld slo bruforkjemparane langs Dalsfjorden håret ut i ei spontan feiring av at regjeringa føreslår startløyving til Dalsfjordbrua.

Spontan fest for Dalsfjordbrua

Stor glede over startløyving til Dalsfjordbrua på festen i Dale.

Foto: MMS-foto:Ståle Haugen

- Her er det fullt hus og stormande jubel, rapporterte Fjaler-ordførar Arve Helle klokka 21.30 frå Transplant i Dale.

Rolf Kleiven og Arve Helle

Bruaksjonist Rolf Kleiven (t.v.) og ordførar Arve Helle var sjølvsagde gjester på festen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Spontan fest

Trass i at ideen til festen ikkje vart fødd før godt utpå dagen var det rundt 150 glade menneske som samla seg på Transplant klokka 20.

Nok av motgang

Og dei har grunn til å feire. For i kampen for Dalsfjordbrua har det vore nok av motgang og tilbakeslag. Bru- og vegprosjekktet vart sett i gang i 1975, men det vart berre bygd fire kilometer veg før det heile rann ut i sanden. Andre vegprosjekt for med pengane, men etter årtusenskiftet kom det nytt liv i planane. Les meir om Kampen om Dalsfjordsambandet i Fylkesleksikonet.

Norsk attraksjon

Det skandaleombruste påbyrja vegsambandet vart funne verdig eit program i tv-serien Norsk attraksjon på NRK.