NRK Meny
Normal

Så tungt har det aldri vore løfta i Europa

FØRDE (NRK): Lasha Talakhadze imponerte stort då han sette europeisk rekord i rykk i Førdehuset. Mange meinte den georgiske vektløftaren kunne ha sett verdsrekord.

Lasha Talakhadze set ny europeisk rekord med 212 kilo i rykk.

TIDENES TYNGSTE I EUROPA: Lasha Talakhadze frå Georgia gjer det ingen i Europa har gjort før han. Med 212 kilo i rykk set han ny europeisk rekord.

– Han har meir inne. Den karen der tek verdsrekorden om ikkje lenge. Eg trur faktisk han kunne ha teke den i dag, seier Stian Grimseth.

EM-generalen var blant dei mange som fekk med seg den georgiske kjempa sette ny europeisk rekord i rykk i Førdehuset. Talakhadze verka nesten uanstrengt då han svinga 212 kilo over hovudet.

Det var samstundes eit enormt punktum for EM i vektløfting i Førde og Naustdal. Frå scena vart meisterskapen karakterisert som tidenes beste.

– Dette var heilt perfekt. Det kunne ikkje ha blitt betre, seier Grimseth.

EM-meisteren kan bli OL-meister

Talakhadze heldt fram konkurransen med 251 kilo i støt – også det utan nemneverdige problem. Det heldt til gull i begge enkeltøvingane, i tillegg til at han stakk av med gullet samanlagt i supertungvekt framfor Gor Minasyan frå Armenia og Mart Seim frå Estland.

– Han kunne kanskje ha sett ny verdsrekord i rykk, ja, smiler Mart Seim.

Han er strålande nøgd med meisterskapen, som også var OL-kvalifisering. Der vil nivået på verdas sterkaste truleg bli endå høgare. EM-vinnaren frå Georgia kan fort komme til å bli olympisk meister og setje verdsrekord i Rio.

Lasha Talakhadze med 251 kilo i støt i EM.

SOM EIN FAMILIE: Lasha Talakhadze løftar 251 kilo i støt. – Nesten like tungt som ein vanleg familie, ler Sindre Rørstadbotnen.

– Som å bli treft av ein bil

Sindre Rørstadbotnen var i aksjon i 105-kilosklassen torsdag kveld. Laurdag var han ein av dei som fekk med seg dei store prestasjonane ringside.

– Dette var enormt. Europarekord i rykk var eit skikkeleg klimaks, seier naustedølen.

– Eg trur ikkje folk skjønar kor rått dette er. Når du får vektstonga opp på brystet i støt, er det omtrent som å bli treft av ein bil. Desse karane løftar nesten ein vanleg familie over hovudet. Det er ufatteleg tungt, seier Rørstadbotnen.

– Dette kjem eg til å drøyme om lenge, ler han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.