Hopp til innhold

Så stygg kan ein idrettsskade vere

Martin Berntsen vart sendt til sjukehus i ambulanse etter eliteseriekamp i volleyball. I verste fall kan karrieren no gå i vasken

Martin Berntsen på sjukehuset

OPTIMIST: I verste fall kan karrieren til Martin Berntsen vere over. Men sjølv er sunnfjordingen optimist, og satsar på å komme tilbake på volleyballbana.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Leggbeinet er forholdsvis knust, og legane seier at det er ein alvorleg skade til å vere ein idrettsskade. I verste fall kan det vere snakk om at karrieren er over, seier Martin Berntsen .

Røntgen-biletet av leggbeinet til Martin Berntsen viser at beinplata vart knust i møte med lårbeinet

KNUST: Dette røntgen-fotografiet viser leggbeinet til Martin Berntsen sett ovanfrå. Området som skulle ha vore glatt ei beinplate, er no heilt knust.

Foto: Rune Fossum/NRK

Til sjukehus i ambulanse

Den profilerte Førde-spelaren gjekk under søndagens elitekamp mot Kristiansund i bakken, etter at han kolliderte med lagkamerat Geir Eithun i forsøket på å få tak i ballen.

I møtet med bakken landa Berntsen forkjært. Han måtte til sjukehus i ambulanse.

Leggbeinet knust

STYGG SKADE: Røntgen-biletet er teke frå sida, og viser kor omfattande skaden er øvst på leggbeinet. Området som manglar er knust.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Eg har det etter forholda ganske bra no. Eg har ikkje smerter eller noko, men veit ikkje meir før eg vert operert, seier volleyballspelaren.

Leggbeinet vart knust

Etter planen skal Berntsen under kniven på tysdag. Etter det NRK forstår, ventar ein komplisert operasjon for å retta opp skaden i beinet.

For øvst på leggbeinet er skadane omfattande: Då Berntsen landa etter opphoppet, small lårbeinet så hardt saman med leggbeinet at sistnemnde vart splintra eller knust.

Skaden er ein tilsvarande skade som mellom andre kjende fotballspelarar som Ruud Gullit og Lothar Mathäus i si tid vart sett ut av spel med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Martin Berntsen

UT PÅ BÅRE: Slik såg det ut då Martin Berntsen fekk den alvorlege skaden i Førdehuset.

Foto: MMS-foto: Asle Veien / NRK

Håpar å komme tilbake

No ser Berntsen for seg å gå med skruer og plater i kneet ei god stund framover.

- Legane seier at det vil gå 12 veker før eg kan belaste beinet skikkeleg. Så ser eg for meg ein god treningsperiode etter det, seier kantspelaren.

Berntsen er ein av dei viktigaste spelarane på Førde, og han har ei rekkje kampar for det norske landslaget. To gongar har han vore kåra til årets beste spelar i eliteserien.

I fjor gjekk nesten heile sesongen fløyten på grunn av ein prolaps i ryggen.

- Eg har vel fått min dose. Denne skaden er nok den mest alvorlege, men eg håpar å komme tilbake denne gongen også, seier 32-åringen.