Hopp til innhold

Kontrastfylket – her er det både vår og vinter

EIKEFJORD/FJÆRLAND (NRK): 1. mars starta våren offisielt, men i fjordfylket er det framleis store kontrastar. Nokre stader ligg snøen framleis meterhøg, andre stader er det grønt og vårblomane tittar fram.

Vår og vinter

VÅR OG VINTER: Nokre stader spirar blomane, andre har snø enno.

Hjå Knut P. Bøyum i Fjærland er det framleis så vidt du ser toppen av gjerdestolpane etter ein snørik vinter.

– Dette er ein fin vår, vegane er berre og fuglane syng. Det som ofte skjer her i Fjærland er at snøen ligg til ut i april, og kanskje mai. Når snøen då reiser, skjer alt fort, forte han.

Fargeeksplosjon

Når våren snøen forsvinn så seint, er det allereie høge temperaturar og det er ikkje lenger tele i jorda.

– Vi har ikkje noko lang, grå og kjedeleg vår slik som dei har i Sunnfjord, ler vossingen som har busett seg i sognebygda

– Her det ein eksplosjon av fargar når våren først kjem, og det er så flott at eg har nesten ikkje ord.

Knut P Bøyum

VENTAR PÅ VÅR: Knut P Bøyum i Fjærland.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

No grønkast det i lid

Om ikkje heilt i andre enden av fylket, så i alle fall i Eikefjorden i Sunnfjord der blomstrar krokusen og våren har alt meldt sitt kome.

– Dette er ei flott tid, no grønkast det, vi har hatt ein periode med nydeleg vêr og våren har verkeleg skote fart.

Medan det framleis er godt skiføre på heimebøen i Fjærland, spring sauene til Samdal på vårbeite i Eikefjorden. Og snart startar lamminga.

Sauer på vårbeite

NYT VÅREN: I Eikefjorden nyt sauene livet på vårbeite.

Foto: Stein Aase / NRK

– Eg er svært glad i våren, og eg er glad for den lange våren. Eg har som tradisjon på at i mars skriv eg med ei lang liste over alt eg vil ha gjort i løpet av våren og sommaren. Erfaringa er at når vi kjem til juni - juli , går dagane så fort at det er vanskeleg å få tid til alt

Hektisk tid

I år har fylket fått på det jamne fått meir snø enn det som er vanleg. Men det er særleg dei indre og høgareliggande området som har fått det meste av snøen. At det nettopp er så snørikt Fjærland som trass alt ligg ved fjorden, meiner Bøyum har samanheng med at dei også ligg nært breen.

– Det er ganske mykje nedbør i Fjærland, og når vi ligg så nær breen som vi gjer så blir nedbøren nedkjølt og då blir det meir snø enn andre stadar. Men våren kjem til Fjærland i år også, og då blir det ei hektisk våronn.

Korleis er det der du bur? Del gjerne bileta dine med oss. Du kan sende inn på epost til sf@nrk.no eller merka bileta på Instagram med #nrksf.