Hopp til innhold

Så stor er skilnaden på ordførarane

Vågsøy-ordførar tente tre gongar så mykje som kollegaen i Selje. Sjekk alle ordførarane i fylket her.

Gunn Helgesen og Roger B. Silden.

STORE SKILNADER: Selje-ordførar Gunn Helgesen hadde i 2008 ei skattbar inntekt på 332.000 kroner. Kollega Roger B. Silden i Vågsøy står oppført med 1,18 millionar i inntekt.

Foto: NRK

Skal ein tru skattelistene for 2008, er det store skilnader i inntektene til ordførarane i Sogn og Fjordane.

26 millionar i formue

Roger B. Silden i Vågsøy er oppført med nesten 1,2 millionar i den totale lønningsposen, og tronar med det heilt i toppen av lista over ordførarane. Også Nils Gjerland i Førde har til salt i maten med så vidt over ein million i inntekt siste året.

Dei to er dessutan bokførte med desidert mest i formue. Silden står med over 26 millionar, medan Gjerland står med nesten tre millionar i formue.

Ein halv million i snittløn

I den andre enden av skalaen er Seljes Gunn Helgesen med 332.000 kroner i inntekt. Også Aud Kari Steinsland (Askvoll), Bjørn Lødemel (Hornindal), Sonja Edvardsen (Eid), Arve Helle (Fjaler) og Gunn Mongstad (Solund) har inntekter under 400.000 kroner.

I gjennomsnitt tente ordførarane i Sogn og Fjordane 587.000 kroner i 2008.

ORDFØRARANE I SOGN OG FJORDANE

Ordførar

Kommune

Inntekt

Formue

Skatt

Roger B. Silden

Vågsøy

1 184 553

26 348 553

661 907

Nils Gjerland

Førde

1 053 128

2 824 279

471 929

Kjartan Longva

Høyanger

928 687

542 295

390 430

Kåre Olav Svarstad

Bremanger

456 108

920 673

173 221

Bente Frøyen Steindal

Flora

766 788

712 205

289 774

Jenny Følling

Gaular

753 227

802 287

303 504

Gerd Dvergsdal

Jølster

639 755

396 268

249 064

Nils P. Støyva

Stryn

637 287

620 068

253 452

Tore Bråstad

Hyllestad

632 969

367 152

258 835

Jarle Aarvoll

Sogndal

619 032

480 174

216 530

Arild Ingar Lægreid

Årdal

574 820

0

217 498

Trude Brosvik

Gulen

566 037

546 293

230 942

Olav Lunden

Leikanger

511 638

0

202 567

Martha Finden Halset

Vik

501 757

455 581

191 230

Arne Sanden

Lærdal

491 719

0

202 839

Einar Målsnes

Balestrand

475 336

0

185 520

Torodd Urnes

Luster

448 397

741 552

183 879

Anders Ryssdal

Gloppen

444 477

515 503

170 336

Håkon Myrvang

Naustdal

441 764

1 541 615

173 288

Aud Kari Steinsland

Askvoll

392 368

0

161 839

Bjørn Lødemel

Hornindal

347 272

1 034 409

125 294

Sonja Edvardsen

Eid

339 155

0

134 562

Arve Helle

Fjaler

338 466

0

144 853

Gunn Mongstad

Solund

337 700

0

128 033

Gunn Helgesen

Selje

332 919

0

136 757

Ekspander/minimer faktaboks