Hopp til innhold

Så spesielt var møtet med eks-laget

Då Christian Kalvenes strekte armane i vêret og jubla for siger mot Sogndal, raste det mange tankar gjennom hovudet til den rutinerte midtstopparen.

Brann - Sogndal 2-0, Christian Kalvenes jublar

SLEPPTE JUBELEN LAUS: Her jublar Christian Kalvenes over 2-0 mot Sogndal. Han håpar sogningane vinn alle kampar - unnateke mot Brann...

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var så glad. Det betyr så veldig mykje for meg å vinne desse kampane, seier Christian Kalvenes.

Han hadde tre og eit halvt år på Fosshaugane på starten av 2000-talet, og var med på oppturen i eliteserien med Torbjørn Glomnes og den legendariske 80-generasjonen.

Fredag møtte han igjen gamleklubben. Resultat: 2-0 på heimebane.

LES OGSÅ: Sogndal tapte mot sterke Brann

Har sterke kjensler for gamleklubben

– Eg har merkt på kroppen i heile dag at det var ein spesiell kamp. Det er spesielt å møte gamleklubben. Eg var jo der i mange sesongar, og kjenner heile trenarapparatet, seier Kalvenes.

Han var for det meste venstreback i tida i Sogndal, men var midtstoppar i kampen på Brann stadion. Den rutinerte forsvarsspelaren hadde stort sett kontroll på det som kom av forsøk frå sogningane.

– Eg har sterke kjenser for Sogndal. Så på den eine sida er eg glad for å vinne, men på den andre sida håpar eg Sogndal vinn alle andre kampar enn mot oss, seier han.

Trur Sogndal vil ta poeng framover

Brann trekte det lengste strået etter raske mål av Diego Guastavino og Bjarte Haugsdal - det siste var ei real keepertabbe av Kenneth Udjus.

– I andre omgang kom Sogndal meir med i kampen, og dei kunne fort ha scora eit mål. Samstundes fekk vi meir rom, og dei to måla var spikaren i kista, seier Kalvenes.

– Det var ein jamn kamp, og eg trur nok Sogndal vil ta ei del poeng framover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann - Sogndal 2-0, Ole Jørgen Halvorsen og Christian Kalvenes

TØFF SPELAR: Christian Kalvenes taklar Ole Jørgen Halvorsen i kampen mellom Brann og Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Var aktuelt med Sogndal-retur

Då Kalvenes skulle heim frå det fire år lange proffopphaldet i Skottland og England, byrja rykta å svirre om ein retur til Sogndal.

Kalvenes vedgår at det var oppe til diskusjon i familien.

– Eg kunne godt tenkt meg det, for eg hadde det kjempeflott i Sogndal. Men det var meir naturleg å flytte til Bergen med familien, seier han.

– Du angrar ikkje på det, no som Brann klatrar på tabellen?

– Det er alltid kjekt å liggje på øvre halvdel. Men det blir tøft mot Viking i neste kamp. Det blir ein viktig kamp både for oss og Sogndal.

– Eg håpar eg kan rekkje ut ei hjelpande hand der, seier Kalvenes.