Stig Ervik og Geir Solvåg i Ervik Havfiske frå Selje er tiltalt for grovt heleri av 14,7 millionar kroner i saka.
Den tidligare bryggeformannen ved Havøysund fisk og industri sa i retten at han vart pressa til å utføre jukset av leiinga ved verksemda.
Han forklarte at når Ervik-fartøya kom til kai var det allereie avtalt mellom leiinga og Ervik Havfiske kor mykje av fangsten som ikkje skulle førast, eller kor mykje som skulle døypast om til fiskeslag det ikkje er kvote på. Det seier forsvarer Cecilie Lysjø Jacobsen.