Hopp til innhold

Så populært at fleire må utdannast

Det vil truleg kome strengare krav til kven som kan reknast som fullverdige personlege trenarar, og om styret seier ja på onsdag vil Høgskulen i Sogn og Fjordane kaste seg på trenden.

Populært

VIL HA RETTLEIING: Stadig fleire vil ha hjelp til treninga, og krava til personlege trenarar blir høgare.

Foto: Morten Andersen / NRK

Det betyr at Høgskulen si avdeling i Sogndal kan få eit eige årsstudium som skal utdanne folk til å bli personlege trenarar.

Instituttleiar for idrett Kari Aaberge ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier trongen for ei slik utdanning er veksande.

– Vi ser at det er der det er eit stort behov. Dei vi utdannar i Sogndal over tre år er veldig ettertrakta.

Vil gripe tak i trenden

Norge er det landet i Europa med flest treningssenter per innbyggar. No er det litt over 5000 innbyggarar per senter, i fylgje bransjeorganisasjonen Virke trening.

Men konkurransen hardnar også til, og stadig fleire ynskjer ein personleg trenar som kan ta tak og lage personlege opplegg til kunden. Den trenden ynskjer dei å gripe fatt i ved idrettsutdanninga i Sogndal.

– Folk ønskjer å vere i fysisk aktivitet og dei ønskjer å ha rettleiing. Det er kanskje litt farleg å analysere korleis framtida vi, men vi føler at etterspurnaden er der no og at den er veksande, seier Aaberge.

Høgskulen på Foss i Sogndal

NYTT STUDIUM: Snart blir det truleg mogleg å utdanne seg til personleg trenar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Må møte bransjen sine kompetansekrav

Bransjeorganisasjonen Virke Trening ser at fleire ynskjer å tilby utdanningar til bransjen.

Direktør Anne Thidemann, vil ikkje kommentere satsinga i Sogndal spesielt, men seier utfordringa for bransjen no er å sikre at studia blir tilpassa dei behova som treningssentera faktisk har. Dei har no starta eit kompetanseprosjekt der dei vil kartlegge kva som er framtida sitt behov på dette feltet.

– I dag er det mange utdanningsinstitusjonar som gjev tilbod med ulikt innhald. Vi ønskjer å ha handa på rattet og vere tydelege overfor utdanningsinstitusjonar på kva innhald utdanningsløpa bør ha for å kunne møte bransjen sine krav til kompetanse, seier Thidemann.

I Sogndal skal studentane etter planen få kunnskap innan trening, anatomi, og korleis ta omsyn til kundane. I tillegg skal ein lære om ernæring og det å sjå treningssenterbransjen i eit samfunnsperspektiv.

– Det å få rettleiing er viktig for å trene riktig. Og så ser vi at folk er så travle at dei vil vere effektive på alle område, også her, seier Aaberge.