Hopp til innhold

Legen trudde han berre skulle ete lunsj, men der tok han feil…

Hudlege Øystein Vatne trudde han skulle ete lunsj som vanleg. I staden vart han tildelt Kongens fortenestemedalje for sin innsats for pasientar. Og det var nettopp pasientane sjølve som har teke initiativet til tildelinga.

Created by InfoDispatcher

VART HYLLA: Øystein Vatne vart overraska i lunsjen på Førde sentralsjukehus. Foto: Silje Steinnes Bjerknes

– Eg visste ingenting. Eg følte det var noko i lufta, men eg trudde det var berre eit møte vi skulle ha, seier Vatne.

Vatne er frå Jølster, og ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, var til stades for å overrekkje medaljen.

– Det var hyggeleg. Eg tenkte med ein gong at det nok er mange andre som fortener ei slik utmerking. Men det er hyggeleg at det vert lagt merke til at vi gjer ein del for pasientane våre, seier Vatne.

Sette stor pris på omtanken

Han tykkjer det er ekstra stort at det er pasientar som står bak søknaden om medaljen.

– Det er jo for pasientane vi jobbar, og det er for dei vi har fått på plass det systemet som vi har i Sogn og Fjordane innanfor hudfaget, slik at dei skal få eit tilbod slik som dei har i dei større byane, seier Vatne.

Men det var to som var minst like glade som Vatne i dag, og det var Edel Olstad, som er kollega av Vatne, og pasient Olav Kjos-Wenjum. Dei stod nemleg bak søknaden om at Vatne skulle få utmerkinga.

– Eg har jobba mykje med Øystein og visst om kva unike gjerningar han gjer for pasientane sine her i fylket. Eg har tenkt mange gonger at dét burde han få fortenestemedalje for, seier Edel Olstad.

Ho tok til å jobbe med det, men kom ingen veg.

– Men så fekk vi ein felles pasient, og han snakka ikkje berre om det, han handla også, seier Olstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Æra Vatne

NØGDE: F.v. Olav Kjos-Wenjum og Edel Olstad, som stod bak søknaden om fortenestemedalje til Vatne. Til høgre ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Kjos'en gjorde ord om til handling

Og pasienten ho siktar til er Olav Kjos-Wenjum frå Hafslo, ein mann som ikkje er heilt ukjend med prisar sjølv. Den tidlegare idrettsleiaren og mangeårige styremedlem, nestformann og formann i Sogn og Fjordane fotballkrets fekk Kongens fortenestemalje i gull i 2007.

Kjos-Wenjum synte handlekraft og forfatta søknaden for at Vatne skulle få Kongens fortenestemedalje.

– Etter ein prat med Olstad, føreslo eg dette. Han er ein fantastisk person og dyktig lege. Han har eit eige opplegg med at han reiser rundt i fylket slik at ikkje pasientane treng å komme til han, seier Kjos-Wenjum.

Han var spent etter at han hadde sendt søknaden.

– Vi var spente. Men då ordføraren i Jølster sa at det var innvilga, så var vi i hundre. Tenk å få tildele ein person av Øystein sitt kaliber Kongens fortenestemedalje, strålar Kjos-Wenjum.

Også Olstad vart svært glad for at tildelinga gjekk i boks.

– Det er ikkje berre det at Øystein er ein fantastisk lege. Han lyfter opp dei han jobbar med. Dei kjenner seg verdfulle. Han får andre til å føle at dei meistrar, og det smittar på pasientane, og det er veldig bra, seier Olstad.

Har reist fylket rundt i årevis

Vatne har i mange år reist rundt om i fylket for å hjelpe pasientar med hudlidingar, slik dei skal sleppe å reise den lange vegen til Førde sentralsjukehus.

– Hudfaget er spesielt fordi det ikkje berre handlar om diagnosestilling og einskildbehandling. Vi driv seriebehandling, og det er umogleg å drive annleis. Det er umogleg å til dømes få pasientar frå Øvre Årdal til å komme til Førde fire dagar i veka. Vi er nøydde til å ha eit desentralisert system, seier Vatne.

Dermed kan pasientane få behandling i sitt eige heimemiljø.

Pasientar har omtala Vatne som varmhjarta, omsorgsfull, kunnskapsrik og eit positivt menneske. Den røynde legen legg ikkje skjul på at slikt varmar å høyre.

– Klart det er kjekt å høyre, seier Vatne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øystein Vatne

KOM UT AV DET BLÅ: Øystein Vatne vart overraska over tildelinga.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Køyrde 50.000 km. i året

Vatne er kjent for å jobbe etter mottoet «Vi må aldri gløyme at pasienten skal ha eit liv så lenge han lever!»

– Vi må hugse at mange pasientar i hudfaget har kroniske lidingar som vi ikkje kan kurere. Då må vi leggje opp eit behandlingsopplegg som dei kan leve med, slik at dei kan fungere i kvardagen og framleis ha glede av livet, seier Vatne.

Helse Førde har fem utepoliklinikkar innan hud, i tillegg til hovudpoliklinikken i Førde.

– Vi reiser mykje. Ei tid køyrde eg 50.000 kilometer i året. No køyrer eg kanskje noko mindre, opp mot 30.000 kilometer årleg, seier Vatne.

All reisinga har gjort han godt kjend i fylket.

– Og alle sjukehusa kjenner eg vel som mi eiga lomme, seier Vatne.

Han meiner det var ei tilfelle at han enda opp med å spesialisere seg innan hudfaget.

– Allereie medan eg studerte, jobba eg ved hudavdelinga i Trondheim. Så kom eg til Florø, så det fall seg ganske naturleg. Eg har aldri angra. Faget har utvikla seg frå å vere eit resept- og diagnosefag til å vere eit aktivt fag med masse fingerferdigheiter i tillegg til at ein må bruke hovudet, seier Vatne.