Hopp til innhold

Politikarane vil likevel ikkje leggje symjeopplæringa til Jølstravatnet

Forslaget om at elevane skulle lære seg å symje i det iskalde Jølstravatnet vekte sterke reaksjonar. No har politikarane lagt forslaget heilt på is.

Video Jølstravatnet som badebasseng

OMSTRIDD: Politikarane i kommunen synst forslaget om symjeundervisining utandørs var svært vanskeleg. Sjå TV-saka frå 22. august 2011.

Forslaget om symjeopplæring i Jølstravatnet kom frå rektoren ved Vassenden skule i Jølster. Anne Cecilie Kapstad meinte ein kunne spare pengar, og føreslo å la elevane bade i Jølstravatnet frå mai til oktober, i staden for å køyre dei med buss til Skei.

Kapstad viste til at dagens undervisningssituasjon ikkje held mål, og håpte symjeundervisning i Jølstravatnet vil betre situasjonen.

Men mange foreldre gjorde store auge då dei fekk høyre om forslaget. Dei viste til at det var både for kaldt og for farleg for ungane å skulle ha symjeundervisning utandørs.

Politikarane har i fleire omgangar diskutert forslaget, men har no har utvalet for oppvekst, kultur og helse bestemt seg for at dei likevel ikkje vil gå for forslaget.

Det betyr at elevane framleis skal ha symjeopplæring innandørs, samtidig som ein er opne for at enkelte av undervisningstimane kan skje utandørs. Men då i den naturlege badesesongen.

I tillegg skal eit nytt utval sjå vidare på kor vidt ein kan få til heilårsdrift ved bassenget på Skei skule, organisering av undervisninga og bruk av ressursar på tvers av skulane i kommunen.