NRK Meny
Normal

Luster kommune vil ikkje ha meir kraftutbygging i Jostedalen

Luster formannskap gjekk i dag i mot Statkraft Energi sin konsesjonssøknad om å byggje ut Vigdøla kraftverk i Jostedalen.

Statkraft Energi AS har søkt om konsesjon for heving av Tunsbergdalsdammen, overføring av vestsideelvane og utbygging av Vigdøla kraftverk.

Stor motstand

Motstanden frå friluftsfolk har vore stor, saka har engasjert breitt i heile Luster kommune. Onsdag møttest formannskapet for å ta stilling til sak. Rådmannen i Luster rådde ikkje til kraftutbygging i Jostedalen og Vigdalen.

Etter mykje fram og tilbake, gjekk formannskapet med 4 mot 2 stemmer imot ei utbygging av Vigdøla kraftverk. Kommunestyret får saka på bordet tysdag 18. oktober.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.