Hopp til innhold

Sa nei til anbod - fekk same dag jobben sjølv

Advokatfirmaet Wiersholm fekk oppdraget med å gje fylkeskommunen råd i samband med Fjord1-salet - same dag som selskapet sjølv konkluderte med at det ikkje var behov for å legge oppdraget ut på anbod.

Rådgjevarar på Fylkesutvalet

KONSULENTANE: Inge Ekker Bartnes (Wiersholm), Torjus Stalleland (DHT) og Odd Solheim (DHT) gav fylkeskommunen råd i samband med salet av aksjeposten i Fjord1. Konsulentselskapa fekk 16,5 millionar kroner for jobben.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Dette går fram av dokument NRK har fått tilgang til. Den 18. mars 2014 konkluderte advokatfirmaet Wiersholm med at å gje fylkeskommunen finansielle og juridiske råd i samband med Fjord1-salet ikkje var eit oppdrag som trengde å leggjast ut på anbod.

Wiersholm viser mellom anna til ei forskrifta til loven og at det er unntak for finansielle tenester i si grunngjeving for at det ikkje var behov for å leggje oppdraget ut på anbod.

Omstridd konklusjon

Konklusjonen frå Wiersholm er strikk i strid med korleis advokat Harald Alfsen ser på saka. Alfsen som er ekspert på offentlege innkjøp, er i eit intervju med Bergens Tidende usamd i konklusjonen om at oppdraget ikkje skulle konkurranseutsetjast.

Advokat Bjørg Ven som også er ekspert på offentlege innkjøp og som NRK har snakka med, meiner på si side at det ikkje var behov for å legge oppdraget ut på anbod.

Ekspertane er med andre ord usamde. Fylkeskommunen sitt kontrollutval er no i full gang med ei eiga gransking av saka. Ved hjelp av selskapet Deloitte skal kontrollutvalet finne ut om fylkeskommunen braut Lov om offentlege innkjøp då konsulentane vart hyra inn.

Takkar for oppdraget

18. mars 2014, same dag som Wiersholm konkluderte med at oppdraget ikkje skulle konkurranseutsetjast, skriv Inge Ekker Bartnes i Wiersholm til fylkesrådmannen.

I brevet heiter det mellom anna: «Vi takker for at dere har valgt oss i oppdraget som fremgår nedenfor, og gleder oss over å kunne bekrefte følgende vilkår for oppdraget.»

Vi takker for at dere har valgt oss i oppdraget som fremgår.

Brev frå Wiersholm til fylkesrådmannen.

Måtte dekke catering

I eit seks sider langt skriv inndelt i 18 hovudpunkt går det fram korleis Wiersholm vil ha det. Det går mellom anna fram at fylkeskommunen må betale på forskot. I punkt 3.4 heiter det: «I tillegg til honoraret vil vi belaste klienten for alle utgifter vi pådrar oss i forbindelse med oppdraget, for eksempel registreringsgebyrer og utgifter til registersøk, budsendinger, reise, hotell, catering eller oversettelse.»

2500 kroner timen pluss moms

Også selskapet DHT Corporativ Services vart engasjert av fylkeskommunen og fekk oppdraget same dag, den 18. mars 2014. I eit notat med overskrifta «Vedlegg 2, oppdragsvilkår» går det mellom anna fram at selskapet skulle ha ei timebetaling på 2500 kroner eksklusiv meirverdiavgift.

Fekk 16,5 millionar for feil råd

Konsulentane har så langt fått 16,5 millionar kroner for råda, råd som skulle vise seg å vere feil. Konsulentane rådd nemleg fylkeskommunen til å selje aksjeposten i Fjord1 til Torghatten, noko Konkurransetilsynet har stoppa. I ein avtale med fylkeskommunen forplikta Torghatten seg til å dekkje mesteparten av konsulenutgiftene dersom Konkurransetilsynet valde å stoppe kjøpet.

Fylkeskommunen selde nyleg aksjeposten sin til supply-reiaren Per Sævik frå Sunnmøre.

Ville reengasjere konsulentane

Wiersholm og DHT Corporativ Services hjelpte Sogn og Fjordane fylkeskommune også i 2011 i samband med den dåverande eigarprosessen i Fjord1. Dette blir av fylkesadministrasjonen brukt som grunngjeving for å velje nettopp desse selskapa også i 2014.

Wiersholm og DHT kjende godt til sakskomplekset frå før og det var difor ønskjeleg for fylkeskommunen å halde fram med å bruke desse konsulentane.

Svein Hågård, juridisk sjef i fylkeskommunen.

I ein e-post frå juridisk sjef Svein Hågård i fylkeskommunen til NRK datert 3. februar i år skriv han mellom anna følgjande: «Wiersholm og DHT kjende såleis godt til sakskomplekset frå før og det var difor ønskjeleg for fylkeskommunen å halde fram med å bruke desse konsulentane».

Ordknapp fylkesrådmenn

Fylkesrådmann Tore Eriksen er ordknapp når NRK konfronterer han med saka.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og fylkesordførar Jenny Føllling

Fylkesrådmann Tore Eriksen ønskjer ikkje å svare på kvifor advokatfirmaet Wiersholm vart leigd inn for å finne ut om konsulentoppdrag i Fjord1-saka måtte leggjast ut på anbod. Wiersholm fekk oppdraget etter at selskapet sjølv slo fast at konkurranseutsetjing var unødvendig.

Foto: Bård Siem / NRK

Kvifor vart Wiersholm leigd inn for å finne ut om ein skulle leggje oppdraget ut på anbod?

– Denne problemstillinga vil eg ta opp i samband med kontrollutvalet si handsaming av saka, seier han.

Tidlegare har du vore open på at fylkeskommunen spurde Wiersholm om råd og at du støtta deg på denne konklusjonen. Kvifor vil du ikkje gjere det same no?

– Spørsmålet om vi har følgt lovverket vil eg stelle meg til, men når kontrollutvalet har tatt saka ligg ho der. Difor vil eg svare kontrollutvalet først, seier han.

DHT Corporative Services ønskjer ikkje å kommentere saka. Heller ikkje Wiersholm ønskjer å kommentere saka.