Hopp til innhold

Så nærme var Johnny å bli treft av kampesteinen

GUDVANGEN (NRK): – Å fytti helvete! Johnny! Johnny! De klarte i siste liten å få dei i tryggleik.

steinras Gudvangen

NÆRME: Johnny Steensen var berre eitt titals meter frå å bli treft av dei enorme steinblokkene.

Foto: Ole Martin Gilbu

Amatørvidoen til Ole Martin Gilbu dokumenterer godt dramatikken på E16 ved Skjerpi i Aurland.

Store steinblokker losna frå fjellsida og dundra mellom 700 og 900 meter ned mot den sterkt trafikkerte hovudfartsåra mellom Oslo og Bergen.

– Heilt utruleg! Det er berre flaks at det ikkje gjekk liv tapt med desse steinane, kommenterer Gilbu.

Sakte kino

Johnny Steensen, Jan Eide og Roar Gilbu

NÆR PÅ: Johnny Steensen (f.v.), Jan Eide og Roar Gilbu kom dramatisk nær steinraset ved Gudvangen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Berre nokre minuttar tidlegare prøvde han og Jan Eide fiskelukka ved fredfulle Nærøydalselvi. Elvesusen og lyden frå sommartrafikken vart brått overdøyvd av buldring frå fjellsida.

– Eg var på veg ut i elva og snudde meg. Då såg eg heile fjellsida sleppe som i sakte kino. Då skjønte eg alvoret, kasta stanga og sprang etter Ole Martin, fortel Eide.

– Eg høyrde trafikken på vegen heile tida, og så såg eg svære blokker på veg ned. Men eg trudde ikkje at steinane var så svære som dei var. Då dei kom rundt meg forstod eg alvoret. Steinane var store som hytter, legg han til.

Johnny Steensen og Roar Gilbu sette eige liv og helse på spel for å berge sommarturistane frå dei enorme steinblokkene på hovudfartsåra mellom Oslo og Bergen.

DRAMATISK: – Heilt utruleg! Det er berre flaks at det ikkje gjekk liv tapt med desse steinane.

Ville ikkje la seg stogge

Takkar heltane

TAKKAR: Ordførar Noralv Distad (H) takkar Roar Gilbu (t.v.) og Johnny Steensen (i midten) for innsatsen med å stogge trafikken.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Oppe ved vegen hadde far til Gilbu, Roar Gilbu, og Johnny Steensen kome dei i forkjøpet. Dei var allereie i gang med å stogge trafikken. Samstundes hagla steinane rundt dei.

– Med den trafikkmengda som er på vegen, så skjønte vi kva som ville skje. Vi stogga kring ti bilar. Enkelte fekk panikk, fortel Roar Gilbu.

Men ein utanlandsk vogntogsjåfør hadde ingen planer om å la turen mot Bergen bli stogga av eit steinras i Aurland.

Foto: Ole Martin Gilbu

SJÅ VIDEO: Medan steinane hagla frå fjellsida prøvde Johnny Steensen å jage vekk bilistar frå rasområdet. (FOTO: Ole Martin Gilbu)

Få meter frå å bli treft

I eit forsøk på å komme seg forbi rasområdet la sjåføren seg ut og sperra for møtande trafikk. Han vart akkurat nok hindra til ikkje å bli treft av ei svær steinblokk som dundra inn i på E16. Til alt hell vart ingen andre bilar trefte heller.

Omkøyringsvegar rundt Gudvangen

OMKØYRING: I tillegg til riksveg 7 over Hardangervidda og E134 over Haukelifjell, er både riksveg 13 og fylkesveg 50 omkøyringsvegar for dei som skal forbi Gudvangen.

Foto: Skjermdump

Steinen la seg nokre få meter frå Steensen.

– Akkurat i den situasjonen oppfatta eg ikkje kor nær det var, men å sjå det slik gjer meg litt meir shaky, seier Steensen, som driv campingplass i området.

ras
Foto: NRK

Kunne gått skikkeleg gale

– Det kom småstein som kanonkuler. Og steinar, som i alle fall var dobbelt så store som den som la seg i vegbana, susa over vegen og ned mot elva. Vegen ned til fiskeplassen er øydelagd. Der ligg det no ei stor steinblokk, seier Eide

Ei steinblokk stogga i to grantre, berre ti meter frå bilen han har sove i dei siste fire nettene.

– Eg tenkjer på kor nærme det var å gå skikkeleg gale, seier han.

– Dumdristig

– Det var kanskje dumdristig å reise opp att, men eg trur det var med på å berge liv. Vi såg kva som skjedde, og det gjorde ikkje trafikken som kom, seier han.

At innsatsen til Gilbu og Steensen berga liv denne dramatiske ettermiddagen er ikkje ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), i tvil om.

– Innsatsen til dei som var på rasstaden er heilt fantastisk. Vi er veldig glad for at det ikkje gjekk liv tapt, seier Distad.