Hopp til innhold

Så nær var den tyske bubilen å bikke utfor kanten

Dei tyske turistane skulle berre ta ein nærare titt på utsikta.

Hårfin parkering

HÅRFIN PARKERING: Bubilen stoppa i grevens tid.

Foto: Anders Frydenlund / Vang Auto-Service AS

– Ingenting forundrar meg lengre, seier Anders Frydenlund, bilbergar for Vang Auto-Service AS

Oppsiktsvekkande

Det var i går ettermiddag at bilbergingsselskapet måtte rykke ut då dei fekk meldingar om ein bubil som sat fast i vegkanten, like under det populære turistmålet Stegastein, i Aurland.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Rune Wangensteen, som var på vakt for bilbergingsselskapet, fortel at ekteparet berre skulle rygge seg til for å sjå på utsikta då uhellet skjedde.

– Sjåføren var ein eldre kar som hadde feilberekna litt då han rygga bakover, og då kom han litt ut på kanten kan du seie.

Anders Frydenlund, var den som vart sendt til staden. Det var eit oppsiktsvekkande syn som møtte bilbergaren då han kom fram. Under kanten er det nemleg svært bratt og bilen kunne fort enda opp i fjorden, hadde den bikka utfor. Sjølv tok han det med knusande ro.

– Eg reagerte ikkje så veldig på det. Eg har sett mykje rart, seier han.

Ektepar i sjokk

Frydenlund fortel at det tyske ekteparet som køyrde bilen var i lettare sjokktilstand, vel vitande om korleis det kunne gått, hadde bilen bikka over kanten.

– Det gjekk greitt med dei, men dei var ganske sett ut. Dei sa ikkje så mykje, men dei var nok glad for at det gjekk som det gjorde.

Etter å ha fått bilen tilbake på vegen vart det klart at bilen, til paret si store forbausing, ikkje hadde fått ei einaste skramme.

– Dei trudde jo at bilen var øydelagt og at ferien var over. Men det var berre å få den på vegen att, så kunne dei fortsette som før, fortel Frydenlund.

Vart sitjande att

Bilbergaren meiner at paret var svært heldige som kom unna situasjonen i god behald.

– Dei var nok veldig glade for at det gjekk som det gjorde. Ein halvmeter lengre ut så hadde den nok bikka over den kanten og ned, men det gjekk fint denne gongen.

Han fortel at det tyske ekteparet, som var svært klar over kor heldige dei hadde vore, vart sitjande att lengje etter berginga.

– Dei sat der ei god stund etterpå, men dei reiste nok vidare til slutt, seier bilbergaren.