Hopp til innhold

Sjå spekkhoggarane symje ved sidan av den vesle fiskebåten

I helga fekk Kari Aahjem seg litt av ei oppleving då ein flokk med ti spekkhoggarar plutseleg dukka opp rundt den vesle fiskebåten. På det næraste var dei berre tre meter ifrå.

Kari Aahjem og Jan Ekremsæter fekk seg litt av ei oppleving då dei var på fisketur i helga. Brått var dei midt inne i ein flokk med spekkhoggarar som jaga fisk i Kjødepollen i Selje.

SÅ NÆRE: Sjå videoen av korleis dei to hobbyfiskarane kom svært nære ein flokk med spekkhoggarar i Kjødepollen i Selje.

– Det var ei utruleg fin oppleving, fortel Kari Aahjem som var med Jan Ekremsæter på fisketur då dei plutseleg fekk sjå spekkhoggarar på nært hald.

Spekkhoggarane hadde gått heilt inn i Kjødepollen i Selje kommune, der det var heilt tydeleg at dei jaga fisk.

Aahjem har sett desse skapningane før også, men ikkje på så nært hald.

– Vi tippar at det var rundt ti dyr. Eg har aldri sett så mange før, berre einslege. Og ikkje har eg sett nokon inne i "Pollen" heller.

– Det var litt skummelt då vi heldt på å dra garnet. Då tenkte eg at dei kom til å vikle seg inn, men det gjekk bra, fortel Aahjem medan måsane skrik i bakgrunnen.

– Vi var ikkje redde, men...

Førre gong ho såg ein spekkhoggar var på lang avstand og for mange år sidan. Ho og Ekremsæter, som eig båten, pleier å reise ut på fjorden når det passar seg.

Då kosar dei seg og fiskar. Det gjorde dei også måndag, men ekstra spennande var det på laurdag.

– Vi var ikkje redde, men det var spennande. Eg kjende det var litt skummelt når vi var så nære. Eg er svært takknemleg som har fått oppleve dette, fortel ho.

Då dei var ferdige med å dra garn, køyrde dei etter spekkhoggarane. Kvar gong dei nærma seg båten dukka dei.

– Det var ikkje mange meterane mellom oss og dei. Eg tippar det var rundt tre meter. Dei var veldig store.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kari Aahjem og Jan Ekremsæter

FIN OPPLEVING: Jan Ekremsæter og Kari Aahjem fekk oppleve spekkhoggarar på nært hald i helga.

Foto: privat

Aldri sett noko liknande

Ekremsæter sin båt er opp mot 14 fot. Han trur dei lengste spekkhoggarane var 6–7 meter lange. Spesielt dei som leia flokken var ekstra store.

– Storleiken er vanskeleg å bedømme. Vi såg også ein pitteliten unge saman med mora. Det var jo veldig koseleg. Ei heilt fantastisk oppleving. Eg har drive hobbyfisking sidan eg var 12–13 år her, men aldri sett noko slikt før, fortel han.

Heller ikkje han var redd, men kjende pulsen steig då dei nærma seg.

– Vi visste jo ikkje korleis dei ville oppføre seg, men vi køyrde i lag med heile flokken.

Kvifor dei var akkurat i Kjødepollen veit han ikkje.

– Dei leitte vel etter mat, eller så trudde dei at Stad skipstunnelen var ferdig og orka ikkje å gå rundt Stad, ler Ekremsæter.

Kjødepollen i Selje kommune

HER VAR DEI: Flokken med spekkhoggarar hadde gått heilt inn i Kjødepollen, ein fjordarm som ligg i Selje kommune.