Normal

Så nær var ulven bustadfeltet - jaktlag har leitt etter ulven i heile dag

Ulven som Ove André Tjønneland møtte i Angedalen fredag var berre knappe 300 meter over byggjefeltet. 12–13 jegerar har leitt etter ulven i heile dag, utan å finne spor etter rovdyret.

Her var ulven

NÆR: Prikken syner kor ulven vart sett fredag. Like nedanfor ligg byggjefeltet på Brunene i Angedalen i Førde.

Foto: Ronny Grimeland / NRK

– Vi har jaga i heile dag, både gått manngard og sete på post i området der ulven var observert fredag. Men vi har ikkje sett snurten av han, seier jaktleiar Stein Mortensbakke.

Tjønneland var på veg ned til garden med ein saueflokk på vel 30 dyr då sauene ikkje ville gå vidare. Brått delte flokken seg i to, og midt i mot Tjønneland kom ulven springande. Ulven stoppa opp berre seks meter frå Tjønneland og vart ståande og sjå på han.

– Eg veit ikkje heilt kven som kvapp mest, om det var eg eller han. Vi skvatt iallfall begge to. Han stod og såg meg rett i auga, fortalde Tjønneland til NRK.no fredag.

Hans første reaksjon var å rope og skrike for å skremme vekk ulven.

– Eg frykta for at han skulle ta sauer rett framfor auga mine. Så eg skreik det eg makta. Så bøygde eg meg på huk og plukka opp ein stein. Den kasta eg etter han og trefte han i låret, så han hugsar nok det, fortalde Tjønneland.

Såg store mengder hjort

Laurdag var 12–13 lokale jegerar med for å jakte etter ulven frå morgontimane av, og det vart gått nøye til verks.

Stein Mortensbakke

FORSØK: Jaktleiar Stein Mortensbakke fortel at det laurdag vart gjort eit grundig forsøk på å finne ulven i Angedalen, utan at det lukkast.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi gjekk manngard over store område og gjekk fem-seks kilometer innover også. Men vi fann korkje kadaver eller ulven, seier Mortensbakke.

Det dei derimot fann mykje av, var hjort. Det førte til ei ny oppleving for mange som var med.

– For mange hjortejegerar er det uvant å sjå hjortedyra på så nært hald, men ikkje gjere som ein pleier, altså sikte og trekkje av. Det var ei flott oppleving, og det er mykje hjort i området, seier Mortensbakke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Created by InfoDispatcher

MØTTE ULVEN: Ove André Tjønneland fekk nærkontakt med ulven då han skulle drive sauene sine heim. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Kan framleis vere i området

Nettopp det at det er flust med hjort i området, er noko som, ifølgje rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, kan føre til at ulven held seg i området, sjølv om det no omtrent er fritt for sau i utmarka.

– Hjorten er det viktigaste matfatet til ulven, så det er ikkje grunn til å konkludere med at ulven reiser vidare sjølv om sauene forsvinn innandørs, seier Golf.

Han legg til at det også er vanskeleg å vurdere om det er rovdyr i området, basert på korleis hjorten oppfører seg.

– Hjorten er van til at det er rovdyr i området, så han endrar ikkje oppførsel på særleg vis. Han lever med den faren heile tida, seier Golf.

Rein Arne Golf

KREVJANDE: Rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, seier det er svært krevjande å komme på skothald av ulv når det ikkje er sporsnø.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Han er ikkje overraska over at jaktlaget ikkje har sett noko til ulven i dag.

– Ulven er eit krevjande dyr å jakte på. Han flyttar seg fort og har svært godt utvikla instinkt. Utan sporsnø er det veldig vanskeleg, spesielt når det berre er eitt dyr ein leitar etter, seier Golf.

Held vakt over saueflokk

Viss det ikkje skulle dukke opp nye observasjonar av anten kadaver eller ulven, så vil det ikkje bli sett i verk ny jakt etter ulven søndag.

– Nei, det gjer vi ikkje. No vert det opp til hjortejegerane i området å sjå om dei gjer nye observasjonar. Men vi kjem nok til å organisere oss, slik at vi kan komme raskt på staden dersom noko skulle skje, seier Mortensbakke.

Dei fleste sauebøndene i Angedalen har no teke dyra sine inn for vinteren, men det er framleis ein flokk som går ute.

– Dei kjem til å halde vakt på den så lenge dei er ute, for å ikkje ta unødige sjansar, seier Mortensbakke.

Vegopning på Bergum i Førde kommune