Hopp til innhold

Så nær var dei den heilt store krisa

ØVRE ÅRDAL (NRK): For kvart minutt som gjekk utan straum var aluminiumsverket i Årdal eit steg nærare den store katastrofen. Dei slapp unna med eit tosifra millionbeløp i skadar.

Egil Fredriksen (t.v.) i samtale med Hilde Merete Aasheim

KUNNE GÅTT VERRE: Egil Fredriksen (t.v.) og Hilde Merete Aasheim er glade for at ikkje straumstansen enda mykje verre. «Berre» 38 av 326 omnar vart øydelagde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det var alvorleg på fredag. Fire timar utan straum er meir enn vi er komfortable med, seier Hilde Merete Aasheim.

Ho er konserndirektør for aluminiumproduksjon i Hydro, og var måndag på besøk i Årdal.

Det er berre nokre dagar sidan straumen gjekk i store delar av Øvre Årdal under ekstremvêret «Tor». Aluminiumsproduksjonen var utan straum i tre timar og tre kvarter. Flytande aluminium stod i fare for å størkne i fleire hundre omnar.

Vil ikkje ut med storleiken på skadane

No er det klart at 38 av totalt 326 omnar er øydelagde. Av desse må ni omnar skiftast ut, og 29 omnar vil Hydro reparere. NRK veit at det er snakk om eit tosifra millionbeløp.

– Det vil koste noko å fore om desse cellene og gjere dei klare for start. Men det er ein finansielt avgrensa effekt, seier Aasheim.

– Kor stor er kostnaden?

– Vi går ikkje ut med det eksakte talet. Men vi er glade for at vi kan halde fram med å levere for fullt til marknaden, seier Aasheim.

I nesten fire timar var det mørkt på aluminiumsverket i Årdal fredag.

NÆRE PÅ: Den kritiske grensa for straumbrot på aluminiumsverk er tre timar. På Hydro i Årdal var straumen vekke i nesten fire. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

Granskar straumbrotet for å unngå liknande

Eit straumbrot er noko av det verste som kan skje eit elektrolyseanlegg som i Årdal. Så seint som i 2010 vart anlegget i Qatar ramma av ein straumstans i fem timar. Det resulterte i at metallet i 444 av dei 704 produksjonscellene størkna. Hydro måtte hogge ut aluminiumen.

Det blir sagt at den kritiske grensa er på tre timar utan straum.

– Ut frå situasjonen er eg veldig godt nøgd med at det ikkje gjekk verre. Eg er glad for at vi er tilbake med 90 prosent av produksjonen, og at vi kan levere til kundane. Det er resultatet av ein fantastisk innsats frå ein veldig trena organisasjon, seier Aasheim.

Hydro granskar no kva som skjedde for å sjå om det er tiltak dei kan setje inn for å unngå at noko liknande skal skje igjen.

– Har de god nok forsyningstryggleik?

– Ja, vi meiner det. Men likevel skjer dette. Så vi må finne ut kva som utløyste det og gjere tiltak, seier konserndirektøren.

Hadde ein svært nervepirrande fredag

Då straumen forsvann i Årdal, var 5000 tonn aluminium i omnane. Etter det Hydro har kontroll på, har dei mist om lag ti prosent av produksjonen.

– Då vi var oppe i tre timar, var vi på eit kritisk punkt. Då stod det ein heil fabrikk på spel. Så no er eg berre letta og ser framover, seier fabrikksjef Egil Fredriksen.

Hydro jobbar no med å køyre straumen sakte opp og få kontroll på prosessane.

– Korleis var fredagen?

– Nervepirrande. Vi skjønte at vi nærma oss eit kritisk punkt, seier Fredriksen.