Hopp til innhold

Så mykje vil tunnel til Atløy koste

Vegvesenet har laga nye kostnadsoverslag for fastlandssamband til Atløy og Ytre Sula. Prisane varierer med fleire hundre millionar kroner.

Atløy

TUNNEL: I framtida kan dei som skal til Atløy reise dit gjennom ein undersjøisk tunnel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fastlandssamband til Atløy i Askvoll vil koste mellom 540 og nær 900 millionar kroner, avhengig av kva løysing som vert vald. Samband over Ytre Steinsund i Solund vil koste mellom 380 og 500 millionar avhengig om ein vel bru eller tunnel.

– Dei nye kostnadsoverslaga er viktige når fylkespolitikarane i 2013 skal prioritere nye veganlegg, seier leiar for samferdsleutvalet Arnstein Menes.

Vil be brukarane om råd

Vegvesenet har sett på fem alternativ med ulike løysingar av både bru og tunnel for fastlandssamband for Atløy.

Den rimelegaste løysinga for sjølve fastlandssambandet er 420 millionar, men ved alle alternativa legg Vegvesenet til utbetring av vegar og ferjekai på Atløy til ein pris på godt og vel 100 millionar.

– Vi må no setje oss ned saman med Askvoll kommune og folk på Atløy. Saman må vi finne ut kva løysing vi skal gå for, seier Menes til NRK.no.

Dette er dei fem alternativa:

  • Bru over Granesundet – kostnad 829 mill.
  • Bru over Granesundet med nordleg kryssing av Prestøya – kostnad 886 mill.
  • Lang undersjøisk tunnel (tunnel på 3950 meter mellom Askevika og Grov) – kostnad 708 mill.
  • Middels lang undersjøisk tunnel (tunnel på 3150 meter mellom Askevika og Grov) – 605 mill.
  • Kort undersjøisk tunnel (bruer over Olsundet og Sauesundet og tunnel med lengde 1850 meter) – 540 mill.

Når det gjeld samband over Ytre Steinsund er alternativet med bru billegast. Dette er rekna til å koste 380 millionar kroner. Ein undersjøisk tunnel bygd etter normalstandard er rekna å koste 500 millionar kroner. Ein slik tunnelen kan bli nok billegare dersom ein reduserer standarden.

(Kostnadsoverslaga frå Statens vegvesen har ein nøyaktigheit på +/- 40 prosent).

Begge prosjekta kan bli billegare

– Det som er spesielt med desse to prosjekta er at det er såkalla ferjeavløysingsprosjekt. Det ligg då inne middel i innsparing av ferjekostnad og vedlikehald der, og det kan gjere til at desse prosjekta ikkje blir så dyre som dei er i utgangspunktet.

Begge dei to sambanda står på dagens prioriteringsliste frå fylkestinget – bak Olden-Innvik, fylkesveg 60 i Hornindal og fylkesveg 57 frå Dale via Svesundet til E39.

– Vi får sjå om denne lista held seg ved neste korsveg, eller om det kjem inn andre prosjekt.