Hopp til innhold

Så mykje vil Førdepakken koste deg

Allereie neste år må du bla opp for å kunne køyre gjennom Førde sentrum. Maksprisen for dei hyppigaste passerande blir 7.200 kroner i året.

Bompengar i Førde

I løpet av to veker har både regjeringa og Stortinget velsigna trafikkpakken til 1,65 milliardar i 2015-kroner .

Arve Seger

PROSJEKTLEIAR: Arve Seger er prosjektleiar i Førdepakken.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For det kostar når kring 20 tiltak skal gjennomførast i og rundt Førde sentrum innan 2024.

– Vi er i gang med planlegging og prosjektering og bygginga av bomstasjonar og dei første prosjekta vil starte i løpet av andre halvår 2016, seier prosjektleiar Arve Seger.

– Aldri rettferdig

Bompengeprosjektet skal utløyse nye vegar, sykkel- og gangvegar. Etter stortingsvedtaket torsdag tek byggherre Statens vegvesen over prosjektet.

Her kjem bomstasjonane

PRIORITERT: Slik er prosjekta prioritert i Førdepakken. Bomstasjonane har første prioritet.

Foto: Førdepakken

I tillegg til dei som følgjer hovudvegane gjennom Førde, må også dei aller fleste innbyggjarar gjennom bomstasjon for å komme til butikken.

Til dømes kan innbyggjarane frå Kyrkjebøen ved Angedalsvegen køyre store delar av sentrumskjernen gratis. Bur ein i Vieåsen, Haugum eller i Halbrendslia må ein forbi bomstasjon.

Takstane som er lagt til grunn i søknaden

Full takst lette

22,22

Full takst tunge

44,44

Førdepakken - lette

20

Førdepakken - tunge

40

Andre abonnentar - lette

20

Andre abonnentar - tunge

40

- Flat rabatt for abonnentar i Førdepakken på 10 prosent

- Passering av fleire bomstasjonar innan ein time medfører berre ei betaling

- Maks betaling for 30 passeringar per månad

Med eit makstak på 30 betalte passeringar i månaden, betyr det ein makspris på 7.200 kroner for dei hyppigaste bom-passerande i personbil. Om ein har abonnement.

Elbilar køyrer førebels gratis gjennom bomstasjonar, men det er uvisst om eller når dette blir endra på.

– Bompengar er aldri rettferdige, men vi har prøvd å lande på ei ordning som er mest mogeleg rettferdig, seier han.

Kan bli noko reduksjon

Satsane for passering er ikkje endelege. Vegstyresmaktene ynskjer å gå gjennom takst- og rabattsystemet for å få ein meir einsarta struktur i heile landet. Ein vurderer mellom anna å auke rabatten for dei som nyttar brikkene mykje. Dei vil også sjå nærare på ordninga for tunge køyretøy.

I dette arbeidet er det ein føresetnad at bomselskapa blir organisert i selskap som dekkjer større regionar. Rentekompensasjon kan gi lågare takstar eller korte ned tida med bompengar.

– Takstane blir ikkje klare før ein nærmar seg opning av bomstasjonane, men ein kan ikkje rekne med dei heilt store utslaga, seier Seger.

Åtte års byggjetid

Bomringen i Førde blir ikkje opna før alle stasjonane står ferdige. I haust håpar Førdepakken å kunne fastsetje nærare når dette skjer.

Byggjetida for heile vegprosjektet er rekna til åtte år, men håpet er å klare det raskare. Drifta av bomstasjonane er i utgangspunktet tenkt i 12 år.

– No held ein på med prosjektering, så skal ein gjennom visse godkjenningsordningar og lage byggjemelding og anbodsordning. Statens vegvesen står for prosjektering av alle prosjekta og held no på å bemanne opp. No som ein er heilt sikre på at det kjem, skal det bli større trykk på planlegging og prosjektering, seier Seger.