Hopp til innhold

Så mykje vil bomringen koste

Frå 1. oktober må du betale for å køyre gjennom Førde sentrum. No har Førdepakken Bompengeselskap sendt prislista si til godkjenning.

Autopass

12 ÅR MED BETALING: Kvite bombrikker i frontruta og Autopass bomstasjonar blir snart kvardagen også i Førde.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Med rabatt og bombrikke vil prisen ligge på 20,80 kroner for ein personbil, opplyser prosjektleiar Arve Seger i Førdepakken.

Ingen rabatt for tungtransport

Arve Seger

BRIKKENE FELL PÅ PLASS: Prosjektleiar Arve Seger i Førdepakken ventar på å få bomtakstane endeleg godkjent.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Styret for bompengeselskapet har no sendt den formelle søknaden om endelege takstar til godkjenning. Utan rabatt vil det koste 26 kroner for ein personbil å passere Førde sentrum. Det gjeld både lokaltrafikk og gjennomgangstrafikken på E39 og riksveg 5.

– Det vil bli sett opp fem bomstasjonar rundt sentrum. Arbeidet tek til om ikkje lenge. Planen er å starte innkrevjinga 1. oktober, forklarer Seger.

Mens personbilar med rett abonnement og bombrikke i frontruta får rabatt, blir det ingen prisavslag for tunge køyretøy, som må ut med 47 kroner per passering. Etter planen skal bompengeinnkrevjinga vare i 12 år.

Sjølve bompengeprosjektet vart godkjent i Stortinget i juni i fjor. No blir det opp til vegstyresmaktene å godkjenne bomtakstane.

Her kjem bomstasjonane

HER KJEM BOMSTASJONANE: Fem autopass-master blir sett opp langs innfartsårene til Førde sentrum (merka med gule prikkar). Bommen på Kronborg på E39 aust for sentrum er føreslått flytta noko nærmare Bruland.

Foto: Førdepakken

30 passeringar

– Vi har sendt inn søknad til Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet. Vi håpar å ha fått svar innan slutten av mai, slik at vi kan ha dette klart når vi skal gå ut med detaljert informasjon, seier Seger.

For dei som har bombrikke blir det sett eit tak på maks 30 passeringar i månaden. Trafikk utover dette vil ikkje bli kravd avgift. I tillegg blir det innført ein timesregel, slik at ein ikkje betaler to gonger, sjølv om ein skulle passere hyppig.

Funksjonshemma med parkeringskort som har brikke, vil ikkje bli kravd for bompengar. Elektriske bilar får fritak i samsvar med Stortinget sitt vedtak.

7488 kroner per år

For personbilar vil det maksimalt koste 624 kroner per månad for 30 passeringar. Det gir ein årleg pris på 7488 kroner per bil.

Tunge køyretøy får ein maksimal månadspris på 1410 kroner, eller 16.920 kroner for eit år.