NRK Meny
Normal

Så mykje pengar får storkommunen i Sogn

Den nye storkommunen i Sogn kan få over 6 millionar statskroner meir kvart år enn viss Balestrand, Leikanger og Sogndal held fram kvar for seg.

Laster kart, vennligst vent...

STORE AVSTANDAR: Storkommunen i Sogn får truleg kompensasjon for lange reiseavstandar, sannsynlegvis i millionklassen.

Kommunane sin organisasjon KS har rekna på det mange i Sogn gjerne vil vita etter at Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slått saman med tvang: Vil storkommunen få meir pengar enn det dei tre ville ha fått kvar for seg?

Tala er usikre, men svaret er ja:

  • Storkommunen vil få 38,2 millionar kroner i såkalla inndelingstilskot i 15 år før det blir trappa ned over fem år. Utrekningane frå KS viser at det er 2,5 millionar kroner meir enn kva dei tre kommunane får i såkalla basistilskot og regional politiske tilskot i dag.
  • Dessutan vil Regjeringa innføra eit såkalla regionsentertilskot. Blir det vedteke når Stortinget skal handsama kommunereforma i juni i år, viser utrekningane til KS at den nye storkommunen i Sogn får nesten 2 millionar allereie i år og oppunder 4 millionar kroner i fast årleg tilskot frå neste år.
  • Til saman får altså storkommunen truleg over 6 millionar kroner i ekstra årlege inntekter.
  • Vel 6 millionar kroner utgjer om lag 1 prosent av dei samla skatteinntektene og rammetilskota dei tre kommunane får i dag til saman (629 millionar kroner, ifølgje KS sine tal).
Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd

GRÅ ØKONOMISKE SKYER KVAR FOR SEG: Ordførarane Jarle Aarvoll (Sogndal, midten) og Jon Håkon Odd (Leikanger, til høgre) blir straffa i det nye inntektssystemet, her saman med Harald Offerdal (Balestrand) før folkerøystinga om kommunereforma i mai 2016.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal, som har vore varsam med å bruka økonomi som argument for ein ny storkommune, er dette godt nytt:

– Det vil styrkja tenestetilbodet og utviklingsarbeidet i den nye kommunen.

Millionar i avstandsgodtgjersle

Det kan òg koma meir statspengar. For truleg vil storkommunen i Sogn koma gunstig ut når staten skal godtgjera dei store avstandane det vil bli frå Lånefjorden vest til Mannheller i aust og Fjærland i nord.

Forskar Audun Thorstensen i Telemarksforskning har vore med på å greia ut ei rekkje moglege kommunesamanslåingar dei siste åra, og han har også gjort analysar av dei to kriteria i inntektssystemet som skal kompensera for store avstandar i ein kommune – sonekriteriet og nabokriteriet.

Audun Thorstensen

FORSKAR: Audun Thorstensen ved Telemarksforskning

Foto: www.telemarksforsking.no

– For ein ny storkommune må det gjerast nye berekningar, og generelt ser me at kommunar med store avstandar, får ofte eit pluss. Det er vanskeleg å gi handfaste anslag, men det dreiar seg ofte om millionar, seier Thorstensen.

Leikanger og Sogndal slepp straff

I eit samanslått Balestrand/Leikanger/Sogndal vil kommunane dessutan få erstatta millionar som to av dei tre kommunane elles ville ha tapt:

  • Det nye inntektssystemet straffa nemleg Sogndal og spesielt Leikanger hardt, med til saman 7 millionar kroner i tapte årlege inntekter frå 2016 til 2017 (Leikanger 4,4 millionar kroner og Sogndal netto 2,6 millionar kroner).
  • Desse pengane slepp dei å mista i 2017, 2018 og 2019 viss dei slår seg saman, men her blir det gjort nye utrekningar i de respektive statsbudsjetta, slik at summane kan bli endra.

Balestrand må betre med

Den samanslåtte kommunen vil òg slå kloa i to eingongsutbetalingar:

  • Eingongstilskotet: 30,8 millionar kroner (utbetalt i 2017)
  • Reformstøtte: 5,1 millionar kroner (utbetalt i 2020)
  • I tillegg har Regjeringa sett av 150 millionar kroner til infrastrukturtilskot, altså pengar til bruer, vegar, rassikring og breiband, som dei 46 samanslåtte kommunane i landet kan søkja på og kjempa om.

I Sogn kan det spesielt vera aktuelt å søkja om pengar som kan knyta Balestrand tettare saman med Leikanger og Sogndal, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand:

– Me må ha rassikker veg rundt Esefjorden, ferjefri veg til Leikanger og Sogndal og betre veg mellom Hella og Leikanger. I dag er me ikkje godt nok kopla på den store arbeidsmarknaden i indre Sogn. Berre cirka 60 jobbpendlar til Leikanger og Sogndal. Potensialet er mykje større.

Kåre Træen

STATENS MANN: Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Gunstig no

Kåre Træen hjå Fylkesmannen meiner at støtteordningane i dette kommunereformarbeidet er meir gunstig enn kva det har vore tidlegare.

I tillegg peikar Træen på ei gulrot frå Regjeringa:

– Inndelingstilskotet blir berekna slik inntektssystemet er i 2016. Kommunar som har fått mindre statlege overføringar i det nye inntektssystemet, vil ved samanslåingar i framtida få eit lågare inndelingstilskot. Dei andre ordningane (sjå over) gjeld for kommunar som slår seg saman i reformperioden, det vil seie samanslåingar der det blir gjort nasjonale vedtak i løpet av året.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå