NRK Meny
Normal

Så mykje mindre tente bonden i fjor

Norske bønder tente i fjor kring halvparten av andre lønsmottakarar. – Eit hån mot ei viktig næring, meiner bondeleiar Magnar Juklestad.

Opprør i Førde

OPPRØR: Bønder over heile landet aksjonerer i desse dagar mot staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Biletet er frå aksjonen i Førde onsdag ettermiddag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Tal frå Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking (NILF) viser at bruttoløna i landbruket var på 284.000 per årsverk i fjor. Dette er inklusiv det skattemessige jordbruksfrådraget.

Til samanlikning var snittløna for andre lønsmottakarar 487.400.

– Per årsverk i jordbruket som næring, så viser budsjettnemnda for jordbruket sitt oppsett at dei låg kring 200.000 kroner lågare, seier rådgjevar Oddmund Hjukse.

– Vi blir fly forbanna

NILF er eit frittståande og uavhengig statleg forskingsinstitutt med tilknyting til Landbruks- og matdepartementet. Representantar frå avtalepartane og andre fagpersonar sit i budsjettnemnda som har utarbeidd grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlinane mellom stat og bønder.

Magnar Juklestad

MISNØGD: Magnar Juklestad er ein av mange bønder som er misnøgde med landbrukspolitikken til Regjeringa.

Foto: Bård Siem / NRK

Som kjent er det no brot i forhandlingane. Bøndene bad om 1.500 millioner kroner meir. Staten tilbydde ti prosent av dette.

– I korte trekk er det i alle fall overraskande trist og elendig. Vi blir fly forbanna, seier leiar i Småbrukarlaget i fylket, Magnar Juklestad.

Grunnlaget i forhandlingane

Budsjettnemnda leverte sine tal til departementet i midten av april. Desse viser at medan bruttoløna i landbruket er 42 prosent lågare enn snittet, så tener sauebøndene langt dårlegare enn dette.

Bøndene blir provoserte over at landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) meiner lønnsnivået og årets tilbod er godt nok. No aksjonerer dei over heile landet.

– Misnøyen er så stor som den kan bli i fylket, seier Juklestad.

Lettare å bli større

Sylvi Listhaug i fjøset

STATSRÅD: Sylvi Listhaug er landbruks- og matminister i Erna Solberg (H) si regjering.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Leiaren i småbrukarlaget meiner den blåblå regjeringa ser ut til å ha starta prosessen med å byggje ned småskalalandbruket i distrikt som til dømes Sogn og Fjordane.

Frp-statsråd Listhaug avviser at ho prøver å kjennkje småbøndene, men seier at ho ynskjer å gjere det lettare for dei som ynskjer å bli større.

– Bonden skal bestemme meir, og staten mindre. Ynskjer ein å bli større, så skal ein få høve til det, seier ho.

Har ei oppmoding

Juklestad meiner regjeringa har innført eit omvendt Robin Hood-begrep, med å ta frå dei små og gje til dei store. Han har ein bodskap til dei som no skal fatte vedtak, om partane ikkje returnerer til forhandlingsbordet.

– Dei som skal avgjere no er Stortinget, og dei partia som støttar landbruket får vise det med kroner og øre og sende det tilbake til Regjeringa. Det vart gjort på 90-talet, då Stortinget sendte det tilbake med ei påplussing på eit visst tal hundre millionar, seier han og avsluttar:

– Noko liknande burde skje no, og det trur eg på.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy