Så mykje kostar kvar elevplass

Sogn og Fjordane har med sine 13 vidaregåande skular ein kostbar skulestruktur. Medan gjennomsnittseleven i fylket kostar 154 000, er snittprisen 131 000 på landsplan.

Sogndal, Hafstad og Dale vidaregåande skular

DYRE SKULEPLASSAR: I Sogn og Fjordane kostar kvar elevplass i snitt 154 000 kroner. Dette er over landsnittet. Det er store skilnader mellom skulane. Sogndal vgs (tv) kostar 118 000 per elev, Hafstad (midten) kostar 83 000 kroner og Dale 153 000 kroner.

Foto: NRK

Fleire av dei minste vidaregåande skulane i fylket er svært kostbare i drift. Medan Høyanger kostar 168 000 kroner per elev, kostar den vidaregåande skulen på Eid 112 000 per elev.

Alfred Bjørlo

- VI MÅ TA GREP: Alfred Bjørlo seier at skulestrukturen må slankast.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Konsulentselskapet Norconsult fekk i oppgåve å sjå på strukturen for den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. I ein rapport som nettopp blei lagt fram, føreslår dei å leggje ned fleire av dei 13 vidaregåande skulane i fylket.

Alfred Bjørlo som er Venstre-politikar og medlem i opplæringsutvalet, seier at skulestrukturen må slankast.

– Det at vi må leggje oss i selen for å få mest mogleg undervisning per krone, og gjere dei naudsynte grep for å klare det, er noko alle partia må ta innover seg, seier han.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Dette kostar kvar elevplass

Skule

Rekneskap (milionar kr)

Elevar

Kostnader per elev

Luster vgs

19,7

119

166 000 *

Sogndal vgs

87,8

742

118 000

Høyanger vgs

26,7

159

168 000

Mo og Jølster vgs

35,7

210

170 000 *

Øyrane vgs

65,2

330

198 000 *

Hafstad vgs.

36,5

441

83 000 **

Dale vgs.

24,5

160

153 000

Flora vgs.

63,3

522

121 000

Årdal vgs.

29,3

200

147 000

Firda vgs.

49,9

371

135 000

Stryn vgs.

38,0

277

137 000

Eid vgs.

40,2

359

112 000

Måløy vgs.

47,6

346

138 000

* Desse skulane er reine yrkesfag-skular. ** Denne skulen er rein allmennfag-skule. Dei andre skulane på lista har både allmennfag og yrkesfag.

Vedgår at noko må gjerast

Norvall Nøringset

GÅR FOR ENDRINGAR: Norvall Nøringset er klar på at noko må gjerast i forhold til økonomien.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Av samanliknbare skular i Sogn og Fjordane, der det både er studiespesialisering og yrkesfag, har Høyanger vidaregåande dei høgaste kostnadene med 168.000 per elev. To andre små skular, Dale og Årdal, kjem på plassane bak.

Eid og Sogndal er det billegaste skulen. Norvall Nøringset er SV-politikar og leiar i opplæringsutvalet vedgår at skulestrukturen må endrast.

– Vi må gjere noko i forhold til økonomi. Greier vi ikkje det, vil mange av skulane få problem uansett, seier Nøringset.

– Det betyr at fleire skular må leggjast ned?

– Når vi manglar 600 elevar, greier vi ikkje drive den vidaregåande skulen på same måte som før. Og når vi i tillegg manglar 90 millionar kroner i 2020, er det klart at noko må gjerast, seier Nøringset.

Elevtalet i den vidaregåande skulen er venta å gå kraftig. I perioden 2012 til 2016 er det venta ein nedgang på 200–300 elevar i Sogn og Fjordane. Fram til 2024 er nedgongen venta å vere mellom 400 og 600 elevar.

Konsulentselskapet Norconsult har kome med tre modellar for korleis framtidig skulestruktur kan bli. I den mest ytterleggåande modellen skal sju av dei 13 skulane bort. Det er ei kjend sak at dei minste skulane er dei mest kostbare i drift, seier Nøringset.

– Det å drive små einingar kostar meir enn å drive store når kostnadene blir delte ut per elev.

Ventar mange diskusjonar

Fylkestinget skal ta den endelege avgjerda i juni neste år. Før den tid må ein rekne med mange oppheita debattar og kryssande argument for og mot nedlegging.

Statistikken viser at dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er små. Medan gjennomsnittsskulen i fylket har om lag 320 elevar, er det gjennomsnittleg 520 elevar per skule på landsplan.

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

AVVENTAR: Noralv Distad vil ikkje låse seg til ein konklusjon enno.

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

Også Noralv Distad, medlem i opplæringsutvalet for Høgre, vedgår at det må gjerast viktige strukturgrep. Men kor mange skular som må slankast vekk, vil han ikkje seie noko om no.

– Det ville vere heilt feil å gå ut no å låse seg til ein konklusjon. No skal den naudsynte vurderinga takast, og så får vi sjå resultatet blir deretter, seier Distad.

– Må ikkje berre sjå på økonomi

Gunn Åmdal Mongstad

TYKKJER DET BLIR FEIL: Gunn Åmdal Mongstad seier ein ikkje berre kan sjå på økonomi.

Foto: Silje Guddal / NRK

Gunn Åmdal Mongstad, medlem i opplæringsutvalet for Senterpartiet, meiner det ikkje er opplaget at nokon av dei 13 skulane må leggjast ned. Ho meiner dette må vurderast nøye og at det blir feil å ha fokus på kostnadene.

– I dette fylket er det mange andre ting som betyr mykje. Det er nærleik, kvalitet og kva slags tilbod vi skal ha. Vi må også sjå på kor mange som må bu på hybel og kva slags rolle skulen har i regionen sin. Difor tykkjer eg det blir feil å trekkje ut kostnadene per elev som det er gjort her, seier ho.

Alfred Bjørlo seier det kjem til å bli ei vanskeleg å avgjere kor mange skular som må leggjast ned.

– Det er mange openberre fordelar med å samle undervisninga på færre skular, men det er også nokre viktige problematiske sider ved dette. Dette blir vanskelege politiske avvegingar, seier han.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.