Hopp til innhold

Så mykje kosta tunnelbrannen

4,6 millionar kroner vart prislappen for å reparere skadene etter brannen i Fjærlandstunnelen for to år sidan. Det viser kravet som Statens vegvesen har retta til forsikringsselskapet If. Det var seint på kvelden at ein feiebil byrja å brenne medan ein kolonne med bilar var inne i tunnelen. 13 personar hamna på sjukehus.

Tunnelbrann
Foto: Sogn brann og redning