Hopp til innhold

Så mykje har fjella vore stengde

Fjellovergangane i Sogn og Fjordane har vore langt meir stengde denne vinteren enn i fjor. Det har si naturlege forklaring – vêret.

Hemsedalsfjellet, riksvei 52.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det er rett og slett vêret vi har hatt i vinter som har skulda i stengingane. Spesielt mykje vind har ført til trøbbel, seier byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

Han har ansvaret for fjellovergangane over Hemsedalsfjellet, Filefjell, Hol-Aurland og Årdal-Tyin.

Tal frå Statens vegvesen viser at alle desse har vore meir stengde denne vinteren enn sist vinter.

SJÅ OVERSIKTA NEDST I SAKA

Vinden har vore hovudproblemet

Dvergsdal seier det i fjor vinter var unormalt fint vêr, medan det i vinter har vore mykje vind.

- Hol-Aurland er den av desse overgangane som toler minst vind. Uansett kor vinden kjem frå kan den skape problem. På Tyin-Årdal er det vestavinden som er verst, medan det på Filefjell og Hemsedalsfjellet er det nordvesten som lagar mest trøbbel, forklarar Dvergsdal.

Dårleg sikt på Hemsedalsfjellet

DÅRLEG SIKT: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet laurdag 29. januar. Då var det kolonnekøyring over den viktige fjellovergangen mellom aust og vest.

Foto: Statens vegvesen

Fresar grøfter for fokksnø

For snøvêr åleine har ikkje skapt unormalt mykje trøbbel. Det har heller ikkje vore stengingar som følgje av ras eller rasfare.

Men fin vind som har drege med seg snøen har skapt både snøfokk og dårleg sikt. Mykje snø har også blitt drege ut i vegen på vindfulle dagar og netter.

- På nokre av overgangane har vi fresegrøfter. Når det er betre vêr, fresar vi ut grøfter slik at det vert betre plass for snøen å legge seg langs kanten når uvêret herjar. Det gjer at vegane kan halde ope litt lenger, seier Dvergsdal.

Fastkøyrde vogntog også problem

Også fastkøyrde vogntog har ført til ein del stengingar. Dette gjeld spesielt på E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Ifølgje Dvergsdal er det spesielt utanlandske vogntog som skapar problem.

- Dei køyrer gjerne etter strøbilen, men kjem seg ikkje opp likevel. Då er det ikkje så mykje anna vi kan gjere enn at dei sjølve må ta ansvar for å ha gode dekk og bruke kjettingar, seier Dvergsdal som meiner dette er eit stort problem.

Bilberging E16 Filefjell

MÅTTE STENGJE: E16 over Filefjell måtte stengje då denne norske lastebilen måtte ha hjelp for å kome seg ut av grøfta.

Foto: Statens vegvesen sitt webcamera

Så mykje har det vore stengt

NRK har fått oversikt i frå Statens vegvesen over kor lenge det har vore stengt på fjellovergangane. Sjølv om det endå er minst ein månad att av vinteren i høgfjellet, viser tala at vegane har vore meir stengde enn vintersesongen 2009/2010.

Tala gjeld så langt i vinter, medan tal frå i fjor står i parentes.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

  • Stengt 54 timar og 15 minutt (22 timar)
  • Vanleg kolonne 55 timar og 20 minutt (80 timar og 37 minutt)
  • Kolonne for køyrety over 7.5 tonn 8 timar (47 minutt)

E16 Filefjell

  • Stengt 11 timar og 45 minutt (7 timar og 55 minutt)
  • Kolonne 13 timar og 50 minutt (25 timar og 25 minutt)

Riksveg 50 Hol-Aurland

  • Stengt 231 timar (135 timar og 20 minutt)
  • Kolonne 75 timar (77 timar og 45 minutt)
  • Ikkje lenger nattestengt (nattestengt 45 timar og 45 minutt)

(Her vert det ikkje køyrd kolonne om natta, då vert vegen i så tilfelle stengd)

Riksveg 53 Årdal-Tyin

  • Stengt 275 timar (131 timar og 5 minutt)
  • Nattestengt 190 timar (133 timar og 20 minutt)

Riksveg 13 Vikafjellet

  • Stengt 565 timar (156 timar og 8 minutt)
  • Kolonne 80 timar (132 timar og 20 minutt)

Her har det vore stengt nær fire gonger så mykje som i fjor vinter.

Det har ikkje lukkast NRK å få tal for riksveg 15 over Strynefjellet.