Årsrekneskapen viser eit resultat etter skatt på 193 millionar kroner. Ein auke på fire millionar kroner frå 2016.
– Det er eit historisk bra resultat, seier konsernsjef Johannes Rauboti.
I same periode auka omsetnaden med 59 millionar kroner, til 1,3 milliardar.
Høgare snittpris på kraft, kombinert med eit «tilfredsstillande produksjonsvolum» er noko av forklaringa. Det same er verdiendring i kraftkontraktar og vinst på 32 millionar kroner frå sal av delar av vindkraftporteføljen i Vestavind Kraft.
Konsernsjef Johannes Rauboti gir også bevisst fokus på kostnader og effektiv drift ein del av æra for eit økonomisk godt 2017.
- Les også: Vestlandsfylke spreier uvisse i SFE
– Mellom anna har vi redusert driftskostnadane våre med 33 millionar kroner på fire år gjennom eit internt kostnadsprogram. Vi vil halde fram med å snu steinar for å drive mest mogleg effektivt, seier Rauboti.
Årsrekneskapen vart torsdag 22. mars handsama av SFE-styret. Dei tilrår eit utbyte på nær 63 millionar kroner til eigarane.
Dette er eit utbyte tilsvarande 50 prosent av resultatet i morselskapet, og noko lågare enn den vedtekne utbytepolitikken i konsernet.
– Dette er fordi vi har gjennomført og står føre store investeringar både innan vasskraftproduksjon og nye nettanlegg. Det gjer det naudsynt å finne ein god kombinasjon mellom direkteavkastning og tilbakebetaling til eigar og finansiering av framtidig vekst, seier Rauboti.
Som største eigar vil utbytet til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, gjennom dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding, vere på 31 millionar kroner.
– Det er viktig for oss å bidra til god verdiskaping for dei offentlege eigarane våre, samstundes som vi sit att med verdiar som gir rom for vidare utvikling av konsernet, seier Rauboti.
SFE ventar høge investeringar for 2018 og dei næraste åra. I fjor bidrog eigarane med 211 millionar kroner i ny eigenkapital, for å legge til rette for dei store investeringane innan både nettutvikling og ny kraftproduksjon.
– Ein forsvarleg utbyttepolitikk kombinert med kapitalinnskot frå eigarane gir oss høve til å investere for vidare vekst og utvikling, seier han.