Hopp til innhold

Her blir tallerkane nesten for små for kraftpluggane

FØRDE (NRK): «Utan mat og drikke, duger helten ikkje» heiter ordtaket. Det gjeld definitivt i Førde om dagane.

Det er skikkelege kraftkarar som er i Førde denne veka under EM i vektløfting. Den tyngste veg 180 kilo. Og dette fører til at det går med enorme mengder mat.

SJÅ TV-SAK: Det skal mykje mat til for å mette store kroppar. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/STEINAR LOTE//NRK

For det er ikkje reint lite mat som går med når Europas sterkaste menn og kvinner er samla på ein og same stad for å kjempe om edelt metall under EM i vektløfting.

– No som dei verkelege bamsane har kome, så er matkonsumet ekstremt, seier Ida Marie Stuhaug.

– Eg likar å ete

Stuhaug er kjøkkensjef ved Scandic Sunnfjord hotell i Førde. Her bur mange av utøvarane, som også må ete rett for å løfte flest mogleg kilo over hovudet.

I spisesalen på hotellet blir dei fleste tallerkane for små når kroppar på over 150 kilo skal mettast.

– Eg likar å ete, og det trur eg du ser på kroppen min. Dette er ein normal porsjon for meg, humrar ungarske Peter Nagy (30).

Kvart tonn fisk på to dagar

«Bamsane» treng rundt 5 000 kilokaloriar dagleg, men meir på konkurransedagar. Overraskande nok, er det lyr, lange, steinbit og torsk som slår best an hos kraftpluggane.

– Vi var budde på at dei skulle ete mykje, men trudde det ville gå meir kjøt og egg. Vi set inn fisk, frukt og grønsaker, og det blir tomt med det same. Det er ikkje berre ein eller to fiskebitar dei tek om gangen heller. Det er seks-sju, fortel kjøkkensjef Stuhaug og legg til.

– Vi merkar det veldig godt på innkjøpa. Det går nokre tonn med mat. Berre i går fekk vi 250 kilo fisk. Og det er berre for to dagar.

– Fisk er best

– Utøvarane har mykje musklar, så dei treng mykje protein og karbohydrat, fortel den polske landslagsslegen Daniel Kopko og forklarar kvifor det går med så mykje fisk.

– Fisk er det beste kjøtet. Den er full av feitt og protein.

140 kilo tunge Tamas Kajdoci (19) frå Serbia seier seg samd.

– Fisk er bra mat for ein idrettsutøvar. Særskilt etter trening og konkurranse, seier han.

24 kilo tomat til lunsj

I snitt går det med ein halv kilo mat per person til kvart måltid. Det er nær det dobbelte av andre. Til lunsjen går det for 24 kilo tomat. Det vanlege er tre kilo.

Og utøvarane har større appetitt etter at både veging og konkurranse er over. Til middagen går det også unna på dessertbordet.

Ungarske Nagy tømmer lunsjtallerken sin. Men det er berre mellombels. Om fem timar er det middag og ein ny porsjon.

– Den blir truleg like stor, gliser han.