Hopp til innhold

Kristine (17) har nesten ein halv million følgjarar på Instagram

Kristine Ullebø (17) frå Førde har 483.000 personar som følgjer ho på biletdelingstenesta Instagram. I tillegg har ho rundt 20.000 unike lesarar på bloggen sin kvar dag.

Kristine Ullebø har nesten ein halv million følgjarar på Instagram. Med dette kjem både positiv og negativ respons. Foto: Patryk Smørdal. Reporter: Marianne Rotihaug

POPULÆR PÅ INSTAGRAM: Kristine Ullebø har nesten ein halv million følgjarar på Instagram. Med dette kjem både positiv og negativ respons. Foto: Patryk Smørdal. Reporter: Marianne Rotihaug

– No har det kome til det punktet at eg ikkje klare å sjå føre meg kor mange det er. Det blir berre eit tal for meg, fortel ho.

17-åringen går første året på studiespesialiserande ved Hafstad vidaregåande skule. Ho meiner sjølv at ho lev eit heilt normalt liv, prega av skule, familie og vener. Men det som skil 17-åringen frå andre tenåringar er den enorme følgjarskaren ho har på sosiale medium.

– Det er veldig mange på min alder som brukar Instagram, så det kan nok vere noko av forklaringa på at eg har nesten ein halv million følgjerar, fortel ho.

– Eg har fått pes

Ullebø hadde heldt på med blogginga i to år før merksemda rundt henne skaut fart i byrjinga av 2012. Den sommaren hadde ho mellom 6000 og 7000 lesarar, og no har bloggaren rundt 13 000 norske og 7000 utanlandske lesarar kvar dag.

17-åringen har fått mykje positiv respons på bloggen og Instagram-kontoen, men også ein god del negative kommentarar.

– Eg har fått pes. Mange meiner at eg bidreg til kroppspress fordi eg er slank, men eg er berre meg sjølv. Vekt og størrelse skal ikkje ha noko å seie for kor mykje man kan eksponere seg.

Kristine Ullebø

OPPDATERER DAGLEG: Kristine Ullebø brukar mykje tid på å ta bilete og oppdatere blogg og Instagram.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Reagerer på misbruk av bileta

Ullebø seier at kritikken prellar lett av, og at det skal meir til enn nokre ekle kommentarar til før ho lar seg påverke. Det som derimot provoserer henne er når bileta ho legg ut blir stolne og brukte på andre nettside.

– Bileta mine blir brukt overalt på nettet. Jente som slit med anoreksia leggje ut bilete av meg og det irriterer meg. Men eg har lagt ut bileta på nett og det er lite eg kan gjere med det. Eg reflekterer rundt problematikken når eg publiserer bileta, men eg kan jo ikkje slutte å leggje ut bilete av meg sjølv, seier Ullebø

I tillegg har bilete av 17-åringen dukka av på nettsider med pornografisk innhald, noko som forargar Ullebø.

Førebilete og rosabloggar

Sjølv omtalar ungjenta seg som ein rosabloggar. Bloggen og Instagram-kontoen henna er prega av bilete av mote, sminke, vener og kvardagslege hendingar. Ullebø brukar bloggen til å uttrykke seg gjennom å dele bilete og meiningar, og responsen er stor.

– Eg trur folk likar å lese overflatiske bloggar og å sjå på bilete av dagens antrekk, kanskje det er noko av grunnen til min suksess, hevdar Ullebø.

Med merksemda kjem også ansvar. Mange av 17-åringen sine følgjerar er unge jenter og Ullebø fortel at det får henne til å tenke på korleis ho står fram.

– Det kan vere skremmande å vere eit førebilete. Eg må heile tida passe på kva eg publiserer, men i tillegg er det veldig kjekt når folk kjenne meg att og kjem bort for å ta bilete.

Vil jobbe med mote

Ullebø er ikkje uroa med tanke på at bloggen hennar vil påverke framtidsdraumane, ho trur derimot den kan hjelpe henne framover.

– Eg håpar bloggen vil vere ein del av kvardagen min lenge og at den kan vere med å påverke framtida mi, sidan eg ynskjer å jobbe vidare med mote, fortel 17-åringen.

Klesstativ heime hos Kristine Ullebø

ELSKAR KLEDE: Kristine Ullebø viser ofte fram dagens antrekk på bloggen sin. Her er litt av det ho kan velje mellom.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK