Hopp til innhold

Så mange bilar var utanlandske

Meir enn kvar tredje lastebil på norske vegar siste døgnet var utanlandsk. Det viser Norges Lastebileigar-Forbund sin teljeaksjon.

Teljing av vogntog i Stryn

TELJEPOST: I eitt døgn talde medlemer i Norges Lastebileigar-Forbund lastebilar som køyrde riksveg 15 gjennom Stryn sentrum.

Foto: Arne Vik

Aksjonen vart avslutta klokka 12 onsdag. Då var 23.667 lastebilar talde på landsbasis. Av desse var 8.441 utanlandske.

Av 409 talde lastebilar i Sogn og Fjordane, var 83 utanlandske.

– Eg må seie at det var mindre utanlandske køyrety enn det i alle fall eg, og eg trur mine kollegaer i Sogn og Fjordane NLF, var budde på, seier fylkesleiar Rolf Olav Tenden.

Skilnad

På Skei i Jølster var 47 (24 prosent) av 264 lastebilar utanlandske, medan 36 (17 prosent) av 264 talde køyrety i Stryn hadde utanlandske registreringsnummer.

Rolf Olav Tenden

OVERRASKA: Rolf Olav Tenden.

Foto: Birger Meland / NRK

Også den store prosentvise skilnaden mellom teljepunkta overraskar Tenden.

– Men kan ha med at her er meir kystorientert opp mot møre og fisk som gjer litt meir utanlandsk, seier fylkesleiaren i NLF.

– Trur du ein kunne fått anna resultat med å gjennomføre teljinga på eit anna tidspunkt?

– Det er vanskeleg å seie. Vi ser at det er litt sesongvariasjon. No er vi akkurat ferdige med den verste trafikken på inngåande av både planter og grønnsaker, og fiskeeksporten har gått ned siste 14 dagane. Hadde vi vore tidlegare ute, så kunne vi fått andre tal, seier Tenden.

19 teljepunkt

Aksjonen omfattar 19 teljepunkt over heile landet. Lastebileigarforbundet meiner det går langt fleire utanlandske vogntog på norske vegar, enn det styresmaktene er klar over.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Trafikkteljing 18. - 19. juni

Stad

Norske

Utanlandske

Totalt

Del utanlandske bilar

Heile landet

15226

8441

23667

36 prosent

E6 Svinesund

250

2513

2763

91 prosent

E6 Kløfta

2539

907

3446

26 prosent

E18 Høvik

2843

763

3606

21 prosent

Rv2 Kongsvinger

168

405

573

71 prosent

Rv3 Tiur'n

609

290

899

32 prosent

Rv25 Hernes

66

65

131

50 prosent

E16 Roa

559

120

679

18 prosent

E6 Kvam

556

221

777

28 prosent

E16 Fagernes

275

191

466

41 prosent

E18 Gulli

2210

1130

3340

34 prosent

E16 Sundvollen

1049

215

1264

17 prosent

E124 Brunkeberg

228

78

306

25 prosent

E18 Arendal

940

343

1283

27 prosent

E39 Krossmoen

719

310

1029

30 prosent

E16 Tregereid

447

224

671

33 prosent

E39 Skei

217

47

264

18 prosent

Rv15 Stryn

109

36

145

25 prosent

E136 Åndalsnes

300

144

444

32 prosent

E6 Berkåk

696

341

1037

33 prosent

E6 Bjerkvik

446

98

544

18 prosent

Ekspander/minimer faktaboks

NLF hevdar mange av dei utanlandske køyretya driv ulovleg transport. Det er nemleg strenge reglar for korleis selskap frå utlandet kan drive transport i Norge, men kontrollane har til no vore svært mangelfulle meiner NLF.

Reglane seier at utanlandske bilar berre kan køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Deretter må bilen ut av landet.

Spente på landstal

Vidare stiller reglane krav til at transporten skal vere av tilfeldig karakter, noko som utelukkar faste avtalar om køyring.

NLF hevdar mange utanlandske selskap snor seg unna desse reglane, og fryktar dette skal gå hardt utover norske sjåførarbeidsplassar.

– No er vi spente på kva tala på landsbasis er, så vi kan samanlikne, seier Tenden og trur andelen utanlandske vogntog i Sogn og Fjordane er lågare enn andre stader i landet.

Lokale variasjonar

Dette kan Tenden ha rett i. Ved Trengereid i Hordaland var 224 av 671 talde køyrety utanlandske. Det er kvar tredje lastebil.

Oppstillingsplass Svinesund

UTANLANDSKE: Grenseovergangen ved Svinesund gjer stort utslag på statistikken til NLF.

Foto: Hermund Lybeck Kjernli/NRK

Ikkje uventa var største delen utanlandske vogntog nær grensa. Ved Svinesund var 91 prosent av vogntoga utanlandske. Prosentdelen i Kongsvinger var 71 prosent. Dernest var største delen av utanlandske vogntog ved Hernes (50 prosent) i Hedmark.

Ved grenseovergangane er det ikkje unaturleg at med stor overvekt av utanlandske vogntog. Trekkjer ein Svinesund og Kongsvinger i frå totalen, er 27 prosent utanlandske lastebilar.

NLF arbeider framleis med tala og er venta å komme med ein offisiell uttale seinare onsdag.

Fleire teljingar

I Stryn meiner Tenden at tala allereie kan gi Statens vegvesen råd om når tid på døgnet det kan vere lurt å stengje vegar om det skulle vere naudsynt. Skal tala brukast opp mot styresmaktene, meiner han ein bør gjennomføre nye teljingar.

– Vi må ha fleire teljingar for å sjå utvikling før vi kan bruke det til noko. For det første viser det at det er store utanlandske transportmengder på norske vegar. Vi er opptekne av like konkurransevilkår som utanlandske. Det være bompengebrikker i bilane, at det blir betalt for å køyre på bomvegar. At det er like lønnsvilkår som norske, at det ikkje er sosial dumping, seier han og avsluttar:

– Kabotasje er og blir her, men ein må jobbe vidare mot ulovleg kabotasje.

– Under sterkt press

Geir A. Mo, administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund, meiner tala syner godt kva køyretøy som er å finne på vegane våre.

– Vi er klar over at dette ikkje er ein vitskapleg studie, men det er eit godt bilete på kven som køyrer på våre vegar gjennom eit vanlig døgn i juni, seier han.

– Resultatet underbyggjer langt på veg vår påstand om at norsk landtransportnæring er under sterkt press, seier Mo.

Norges Lastebileigar Forbund er no i gang med å telje norske og utanlandske lastebilar fleire stadar i landet.

SJÅ VIDEO: Her tel dei lastebilar i Stryn.