Streng reaksjon på dårleg skraping. Trafikkansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes, seier at mannen hadde svært liten sikt.
– Det var lite utsyn både framme og bak. Det var så lite utsikt at politiet har teke midlertidig beslag i førarkortet.
Erkjende alvoret
Den siste veka har politiet hatt fokus på rus og har hatt kontrollar over heile landet, også i Sogn og Fjordane.
I føremiddag hadde dei eigentleg hadde stilt seg opp i ei lita bygd i Sunnfjord for å gjennomføre ein promillekontroll.
Hatlenes seier mannen forstod kvifor han blei stoppa.
– Mannen erkjende forholdet og samtykka til at han blir ein periode utan førarkort.
Utover å ha dårleg sikt ut av bilen, seier Hatlenes at det også går utover samspelet med andre trafikantar når sjåføren ikkje skrapar rutene skikkeleg.
– Ingen blikkontakt
– Det blir ingen blikkontakt med andre som er ute og køyrer. Det er sjølvsagt også vanskeleg å få med seg ting som skjer både på og langs vegen med så avgrensa sikt.
Når rutene er så dårleg skrapa som denne bilen, tek politiet beslag i førarkortet. Men Hatlenes seier det også kan bli bot.
– På mindre forhold kan du få pålegg om å skrape rutene betre, eller sjåføren kan få eit forenkla førelegg på 2600 kroner om rutene er dårleg skrapa. Dette gjeld både frontruta og siderutene, seier Hatlenes.