Hopp til innhold

Fagdirektøren lite nøgd med situasjonen: Så lenge må du vente for å få behandling

Opp til 99 dagar må du vente for å få behandling på kirurgisk avdeling på Førde sentralsjukehus. Her kan du sjekke ventetida på alle dei medisinske avdelingane.

Hans Johan Breidablikk

VIL GJERE NOKO: Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk, forstår at folk blir frustrerte over lang ventetid.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ventetida for å få hjelp på kirurgisk klinikk i Helse Førde har auka kraftig dei siste månadane, og ved årsskiftet var ventetida på nær 100 dagar for mange pasientar.

– Vi er veldig lite nøgde med det, og eg trur ikkje folk synest det er akseptabelt heller. Skal vi behalde pasientane og lojaliteten, så må vi ha langt kortare ventetid, seier fagdirektør Hans Johan Breidablikk til NRK.

– Nøydde til å få det betre

Det er særleg på kirurgisk avdeling i Førde ein no har lange ventetider, heilt opp i 99 dagar i snitt for pasientar med lidingar som ikkje krev akutt hjelp. Det er alt for lenge, innrømmer fagdirektøren.

Vi er veldig lite nøgde med det, og eg trur ikkje folk synes det er akseptabelt heller

Hans Johan Breidablikk

– Det er kirurgisk klinikk, og særleg kirurgisk avdeling, som har hatt vanskar med ventelistene over tid. Vi veit at ein av grunnane er at vi får fleire tilvisingar på området. Det skal jo svelgast unna, for pasientane skal jo ofte også opererast. Dei blir ikkje ferdige på eitt besøk. Her er vi nøydde til å få det betre enn i dag, det ser vi, seier Breidablikk.

Jorunn Ringstad

KREV HANDLING: Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, forventar at helseføretaket gjer sitt for å få ned ventetidene.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vurderer meir bruk av lokalsjukehusa

Styret i Helse Førde blei i dag orientert om den vanskelege ventelistesituasjonen på mellom anna kirurgisk klinikk. Styreleiar Jorunn Ringstad er ikkje nøgd med situasjonen.

– Andre avdelingar greier å få ned ventelistene, men nokre avdelingar slit litt. Men det er vilje til å gjere noko med det.

– Meiner du som styreleiar at ein bør vurdere å ta meir i bruk til dømes Nordfjord sjukehus for å ta ned ventelistene?

– Nokre operasjonar er jo enkle og kan gjerast på dei små sjukehusa. Andre er jo meir kompliserte, og då er det kanskje Førde eller Haukeland som må ta det, slår Ringstad fast.

– Ikkje sunt å vente lenge

Hans Johan Breidablikk legg vekt på at dei som treng akutt hjelp sjølvsagt får det, men for ein pasient som har venta i over tre månader på hjelp er det ei mager trøyst.

– Det er jo lidingar som sjølvsagt kan vente, men mange folk tykkjer ikkje at dei skal vente så lenge. Det er truleg heller ikkje noko sunt heller, seier fagdirektøren.

Ventetid i Helse Førde

Klinikk

Ventetid i dagar

Kvinneklinikken

53

Auge

69

Ortopedi

58

ØNH

88

Kirurgisk avdeling

99

Kirurgisk klinikk

78

Hud

96

Barn

44

Indremedisin

66

Kreft

38

Nevro/revamtologisk

64

Medisinsk

71

Ekspander/minimer faktaboks