Stigen til brannvesenet når ikkje halvveges opp på sjukehuset

I heile Norge finst det berre 52 brannliftar og 19 stigebilar. Skulle det bli ei brannkatastrofe i dei øvste etasjane på eit sjukehus, har brannvesenet ofte lite å stille opp med.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

HIT, MEN IKKJE LENGER: Beredskapsleiar i Førde brannvesen, Bjørn Berge, må berre konstatere at stigane kjem til kort.

– Eg er i grunn skaka over at ikkje stigane rekk høgare, seier brannvernleiar i Helse Førde, Wenche Eikevik.

Saman med beredskapsleiar i Helse Førde, Bjørn Morten Øen, er ho vitne til at stigane til Førde brannvesen kjem til kort då dei blir testa saman med NRK.no

– Eg er overraska. Eg hadde trudd dei hadde nådd lenger, seier Øen.

Krava til fortetting og bygging i høgda aukar stadig, spesielt i tettbygde strøk. Det fører også til auka krav til kva utstyr brannvesenet har ansvar for.

Over 500 hus for høge i Oslo

Men landet rundt er brannvesenet i mange tilfelle hjelpelause om ein brann trugar bygningar over tredje etasje.

Ei kartlegging brannvesenet i Oslo har gjort, syner at trass i at dei har stigebilar som rekk 32 meter til vers, er talet på bygningar i hovudstaden som er utanfor rekkjevidd, stor.

Har du ikkje høgdereiskap, så kan du ikkje byggje over tredje etasje. Dette problemet vert berre større og større her i landet.

Håkon Winterseth, fagsjef Skansen Consult

– Vi hadde ei kartlegging mellom 2005 og 2009. Og berre på den tida registrerte vi om lag 500 høghus. Dette er bygningar som er så høge at vi ikkje kjem til dei øvste etasjane med høgdemateriellet vårt, seier Hege Hammer, sjef for førebyggjande avdeling i Oslo brann- og redningsetat.

I Oslo har dei tre av Norges 19 stigebilar. Dei fleste stader med høge bygningar må ta til takke med manuelle stigar, slik som i Førde.

Brukar fire minutt og fire menn

Ein manuell stige er ikkje noko lett instrument å få på plass. Det må helst fire brannfolk til, og tida går fort. Minutta kan verte lange for den som står på ein gesims med flammane i ryggen.

– For ein brannlift går det berre eit par minutt frå bilen er parkert til mannskapskorga er på toppen, seier brannmann Jan Svoen.

Under demonstrasjonen for NRK.no tok det minst fire minutt før stigen var oppe. Og då sleit brannmennene med å få stigen til å stå beint på veggen utan å byrje å sige til eine sida.

– Det handlar om å ha beredskap på same måte som vi snakkar om 22. juli eller Scandinavian Star. Når det gjeld brann så er det mange kommunar som manglar beredskap. Ein spring etter, i staden for å liggje framfor, seier, Håkon Winterseth.

Han er fagsjef i Skansen Consult, eit rådgjevande ingeniørfirma som har spesialisert seg på brannteknikk og relaterte område. Dei jobbar med alle forhold der brannteknikk og brannrelatert tryggleik er tema.

Her ser du kor lang tid det tek å få på plass ein manuell brannstige:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

MYKJE JOBB: Her kan du sjå kor krevjande det er å setje opp ein manuell stige.

Er eit aukande problem

Årleg har dei 1000 prosjekt over heile landet, og Winterseth er klar på at det er viktig å vere utrusta for brann i høgda, men at alle slett ikkje er det.

– Viss ein følgjer byggjestandarden og byggjer høgare enn tre etasjar, så skal ein ha høgdereiskap. Har du ikkje høgdereiskap, så kan du ikkje byggje over tredje etasje. Dette problemet vert berre større og større her i landet, seier Winterseth.

Når det gjeld brann så er det mange kommunar som manglar beredskap. Ein spring etter, i staden for å liggje framfor.

Håkon Winterseth, fagsjef Skansen Consult

Skansen Consult utarbeidde i 2010 ein risikoanalyse for Førde kommune. Rapporten konkluderte med at urbaniseringa i Førde sentrum med stadig fleire bygg over tre etasjar skaper behov for brannutstyr av ein heilt annan art enn det som finst i kommunen.

Førde kommune har hatt ein brannlift inne i økonomiplanen sin sidan 2008, men han har stadig vorte skubba fram i tid. Per no ligg bilen inne i økonomiplanen for 2013-2016, der kjøpet er utsett til 2016.

– I Førde har dei fått papir på bordet som vert støtta av kompetente instansar. Den må dei halde seg til. Eg hadde iallfall ikkje tort noko anna, seier Winterseth.

Han peikar på at det er for seint å bestille stigebil eller brannlift når det først brenn.

– Viss det oppstår ein brann i 7. etasje så er det for seint, seier Winterseth.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Så høgt når ein brannlift og ein brannstige
Foto: Tuva Tagseth, grafikk / NRK

Hadde håpt dei nådde høgare

I Førde har brannvesenet to manuelle stigar til rådvelde. I utgangspunktet når desse ti meter opp i høgda. Men stigen må stå på skrå, dermed når han ikkje fullt så høgt.

At stigen berre når bitte litt over andre etasje på Førde sentralsjukehus kjem ikkje overraskande på brannmennene.

– Nei, vi veit jo kor langt, eller rettare sagt kort, stigane rekk, seier brannmann Tore Skarsholm.

– Eg hadde kanskje håpt at vi nådde tredje etasje, men det gjekk ikkje, seier beredskapsleiar Bjørn Berge.

Han ser bort på ein noko betenkt brannsjef, som konstaterer nettopp det han frykta.

– Her i Førde har vi fleire bygg på fem og seks etasjar. Når det gjeld høgdeutstyr, så har vi ein manuell skyvestige per brannbil. Med dei klarar vi ti meter. Maks, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øen og Øberg

LIKAR DET DÅRLEG: Beredskapssjef i Helse Førde, Bjørn Morten Øen (t.v.) og brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, konstaterer at det er lite hjelp i dei manuelle brannstigane dersom det skulle brenne i det åtte etasjar høge sjukehuset.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Nær umogleg å redde nokon i stige

Dersom ein reknar etasjehøgda på tre meter, betyr det at stigane når til tredje etasje. Men i mange bygg, slik som på til dømes sjukehus og institusjonar, er etasjehøgda større. Då når ein knapt over andre etasje.

– Éin ting er å klatre opp til eit vindauge for å sjå om det brenn. Det er stigen brukandes til, men no er det sjeldan vi treng å klatre opp for å konstatere at det er fyr, seier Øberg.

På ein slik stige er det nesten umogleg. Då må vi ta folk på ryggen, og det krev at dei sjølve evnar å klamre seg fast.

Brannsjef i Førde Bernhard Øberg

Han peikar på at brannvesenet i verste fall må berge folk med seg ned på bakken.

– På ein slik stige er det nesten umogleg. Då må vi ta folk på ryggen, og det krev at dei sjølve evnar å klamre seg fast. Det kan ein ikkje ha med i utrekninga når ein tenkjer på krisesituasjonar, seier Øberg.

Han peikar på at éin ting er å snakke om evakuering. Noko anna er å snakke om den konkrete sløkkjesituasjonen.

– Skulle det ta fyr innvendig på sjukehuset kan vi springe opp og inn for å sløkkje. Det skal vi klare. Men viss flammane slår ut vindauget og spreier seg oppover i bygget, då har vi tapt, seier Øberg.

14 omkom i Caledonien-brannen

Han peikar på at det i fleire større byar gjerne er brannlift eller stigebil tilgjengeleg. Dermed kjem du iallfall over 30 meter.

Brannar i høghus skjer med jamne mellomrom. Brannen på hotell Caledonien i Kristiansand i 1986 står framleis som ein av dei verste brannane på land i nyare tid.

Den brutale brannen i det 14 etasjar høge bygget spreidde seg raskt. Stigebilen den gongen nådde ikkje til dei øvste etasjane. I alt omkom 14 personar. Fleire av dei som overlevde måtte reddast frå dei øvste etasjane av helikopter frå 330-skvadronen.

Seinast i juni i år braut det ut brann det i 12. etasje i ei høgblokk på Grønland i Oslo. Oslo brannvesen har høgdemateriell som når til 32 meter, men også dei ønskjer seg større rekkjevidd.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at maskinstigen er for kort. Vi har god dekning inntil åttande. etasje, for då får vi også litt overhøgd. Men under brannen på Grønland kom vi rett og slett ikkje godt nok til, sa brigadesjef Jan-Erik Andersen i Brann- og redningsetaten til aftenposten.no etter brannen.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Kjenneteikn for dødsbrannar
Foto: Tuva Tagseth, grafikk / NRK

Skal ha tilstrekkeleg materiell

Det er politikarane på ein kvar stad som har ansvaret for at brannvesenet er rusta til å kunne takle dei situasjonar som kan skje.

I den såkalla Dimensjoneringsforskrifta heiter det i § 6-1:

Brannvesenet skal disponere egnet og tilstrekkelig utstyr med høy driftssikkerhet til innsats ved de branner og ulykker som kan forventes, herunder transportmidler, pumper, slanger og annet slokkeustyr, samt utstyr til bruk ved akutt forurensing..

Dimmensjoneringsforskrifta

– Lovverket seier at brannvesenet skal ha tilstrekkeleg materiell til å takle dei brannar og ulykker som er forventa kan oppstå. Men det er opp til politikarane å bestemme om vi har det, seier Øberg.

Han ønskjer ikkje å kritisere nokon, men påpeikar at han er uviss på om alle politikarar kjenner innhaldet i denne paragrafen.

– Det er viktig å gjere politikarane medvitne på nettopp denne paragrafen før dei går bananas og byggjer, seier Øberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brannstige

PÅ TAKET: Den manuelle brannstigen ligg fast på taket av brannbilen. Det må minst tre brannmenn til for å få han dit han skal.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Meiner liv og helse er ivareteke

– Vi har teke utgangspunkt i dei kontrollane vi tidlegare har hatt av offentlege styresmakter. Her har ikkje brannlift vorte påpeikt som eit avvik, seier Førde-ordførar Olve Grotle.

Men brannvernet i Førde har vorte oppgradert med dagkasernering, det vil seie fire mann på vakt på brannstasjonen på dagtid, samt nytt brannutstyr.

Det er viktig å gjere politikarane medvitne på nettopp denne paragrafen før dei går bananas og byggjer.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg

– Når det gjeld høgdemateriell har vi planar om å gå til innkjøp av det i økonomiplanen vår. Men det å kjøpe ein slik bil tek opptil to år, og vi reknar med at vi har ein slik bil om nokre år, seier Grotle.

Han peikar på at Øberg er komfortabel med dagens brannsituasjon, men at han ønskjer seg ein brannlift.

– Men kravet til høgdemateriell er først og fremst tenkt for sikring av materiell. Når det gjeld liv og helse meiner vi det er godt ivaretekne av dei forskriftene vi har, seier Grotle.

Øver evakuering kvar månad

Utanfor sentralsjukehuset i Førde konstaterer både brannvesen, beredskapssjef og brannvernleiar at dersom det brenn over andre etasje, så må evakueringa gå føre seg på anna vis.

Førde sentralsjukehus har åtte etasjar, dei fleste av dei med pasientar som av ulike årsaker er innlagde. Dei er ikkje dei enklaste å evakuere, men sjukehuset har teke konkrete grep for å vere best mogleg budde på brannsituasjonar.

– Vi øver på evakuering kvar einaste månad, både på flytting innetter på etasjane, men også frå etasje til etasje, seier direktør for drift og eigedom i Helse Førde, Aril Fålun.

Men sjølv om ein kan flytte folk rundt om i bygget så hjelper ikkje det dersom bygget vert overtent. Det kan komme situasjonar der ein treng å komme seg fysisk vekk frå bygget.
Då står det ikkje att mange moglegheiter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Aril Fålun

MÅ PÅ PLASS: Drift- og eigedomsdirektør i Helse Førde, Aril Fålun, er klar på at Førde absolutt burde hatt ein brannlift.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Må hoppe frå femte etasje

Utanfor det 40 meter høge bygget syner brannsjefen fram det einaste evakueringsalternativet til stige, nemleg ei hoppepute.

– Her ser du i praksis høgdeberedskapen i Førde. Hoppeputa er dimensjonert for fjerde og femte etasje. Men det krev jo at ein hoppar, seier Øberg.

Hoppeputa er halvannan meter høg og fire-fem meter kvar veg. Men du må likevel sikte god når du skal hoppe frå høgda

– Eg har sjølv stått på to og ein halv etasje, om lag seks-sju meter høgt, og sett over kanten. Men eg torde søren meg ikkje hoppe. Men må du, så må du, seier Øberg.

Reknar du etasjehøgd på tre meter, vil femte etasje føre deg 15 meter til vers. Det gir nær 14 meter fritt fall før du treffer puta.

Slik ser det ut viss du skal hoppe frå tredje etasje:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

HOPP: Ei luftpute vert veldig, veldig lita når ein står i tredje eller fjerde etasje og må hoppe for å berge livet.

– Beredskapen aldri har vore betre

Hjå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap meiner dei brannberedskapen i Norge aldri har vore betre enn i dag. Men dei har ikkje oversikt over kor mange kommunar som hadde hatt behov for ein brannlift eller ein stigebil.

– I utgangspunktet er vår haldning at branntryggleiken skal byggjast inni bygga. Det er eit vesentleg fokus på branntryggleik og byggjereglar, seier avdelingsleiar i førebygging i DSB, Anders Leonhard Blakset.

Eg har sjølv stått på to og ein halv etasje, om lag seks-sju meter høgt, og sett over kanten. Men eg torde søren meg ikkje hoppe. Men må du, så må du.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg

Han legg til at brannvesenet skal fungere som eit ytterlegare tryggingstiltak og ikkje i staden for det tryggleiksnivået som må vere i bygget.

Dermed er det opp til kommunen som gjennom sine risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) må avdekkje behovet for det naudsynte materiellet som brannvesenet treng.

– Når brannvesenet seier dei ikkje har materiell til å komme høgare enn tredje etasje, er det nok å seie at eit hus skal vere bygd på ein trygg måte?

– Det heng i hop. Viss ein ikkje har trygge nok bygg må ein ha naudsynt materiell, seier Blakset.

– Kan ein byggje hus så trygge at ein kan komme seg vekk frå fjerde- femte etasje dersom det brenn?

– I utgangspunktet skal bygga ha to sikre rømmingsvegar. I gamle byggjeforskrifter var gjerne brannvesenet ein av dei to. Det er det framleis opning for i dag, men ein krev tettare dialog med brannvesenet for å undersøkje om dei har naudsynt utstyr. Viss dei ikkje har det, må det byggjast tryggare, seier Blakset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skarholm og Bjørn Berge

IKKJE HØGT NOK: F.v. Tore Skarholm og Bjørn Berge i Førde brannvesen kan berre konstatere at dei manuelle brannstigane ikkje er mykje til hjelp dersom det brenn høgare enn andre etasje på Førde sentralsjukehus.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Veit ikkje det totale behovet

Ein måte å tryggje bygg på er til dømes å installere sprinkelanlegg.

– Sprinkelkrav kjem inn i dag dersom ein byggjer eit bygg på fire etasjar. Viss ein har gamle bygg utan denne tryggleiken, så må ein vurdere å skaffe brannvesenet tilstrekkeleg utstyr, seier Blakset.

Ifølgje plan- og bygningslova er det utbyggjar som må sikre bygga godt nok, og så har kommunen måtar å regulere dette på dersom utbyggjar vil nytte seg av brannvesen.

For ein brannlift går det berre eit par minutt frå bilen er parkert til mannskapskorga er på toppen.

Brannmann Jan Svoen

– Men det må kommunen godkjenne. Har ikkje brannvesenet den moglegheita må bygget i større grad stå for seg sjølv, seier Blakset.

– Kva oversikt har direktoratet over det konkrete behovet for høgdereiskap?

– Det finst inga samla oversikt hjå oss i forhold til den einskilde stigebil. Men vi går tilsyn med at kommunane har dei naudsynte ROS-analysar. Det same gjer også fylkesmannen i høve ROS-analysar og beredskapsplanar, seier Blakset.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Risikogrupper
Foto: Tuva Tagseth, grafikk / NRK

Sjukehuset har teke grep

Ved Førde sentralsjukehus har dei teke konkrete grep for å sikre seg på best mogleg vis i tilfelle brann.

Mellom anna har dei installert såkalla tørrstigerør som går heilt opp i toppetasjen. Dette er i praksis røyr som brannvesenet kan kople vasslangane sine på, og dermed få vasstilførsel heilt til topps på bygget.

– Dette er gjort nettopp fordi vi har eit høgt hus og fordi brannvesenet har dårleg utstyr, seier Fålun.

– Så de har teke konkrete grep nettopp fordi brannvesenet i Førde manglar høgdemateriell?

– Det er ein del av våre tiltak, ja. Det har noko med å bere ustyr og få drege slangane heilt frå botn og til topps. Noko ein også kunne ha gjort noko med dersom ein hadde stigemateriell, seier Fålun.

Han er likevel klar på kva han ønskjer av brannvesenet i framtida.

– Det er svært viktig at Førde får på plass høgdemateriell. Det har noko med å følgje med på den byutviklinga som Førde by seier ja til, og også ein konsekvens av nettopp det. Dette er eine og åleine kommunen sitt ansvar, seier Fålun.

Brannsjef i Førde, Bernhard Øberg, håpar brannliften no blir realisert i 2016. I mellomtida håpar han at dei slepp brann i høghusa dei har ansvar for.

– Eg søv ikkje dårleg på grunn av brannberedskapen, men den dagen vi får brann i eit høghus, då kjem vi til å slite, seier Øberg.