Hopp til innhold

Så kaldt at sjølv sjøvatnet frys til is

Den lange perioden med kaldt og stabilt vêr har fleire stader ført til at viker og bukter heilt i havgapet har frose til is.

Berlepollen januar 2016

KALD OPPLEVING: Også på kysten av Sogn og Fjordane har det vore kaldt og stabilt vintervêr den siste tida. Det har ført til at isen har lagt seg på Berlepollen.

Foto: Anne Kristoffersen

– Dette har eg aldri opplevd før. Det var heilt utruleg å sjå dette. Isen er så blank og fin at det nesten ser ut som ein blikkstille fjord. At det er kaldt og stilt så lenge er jammen ikkje ofte. fortel hobbyfotograf Anne Kristoffersen i Berle i Bremanger.

Heilt vest i Sogn og Fjordane er dei på ingen måte vande med langvarig høgtrykk og kuldegrader i januar. No har havbukta Berlepollen fått eit islag, og sjølv om den ikkje kan brukast som skøyteis, så innbyr vêr og natur til flotte opplevingar.

Berlepollen Berle januar 2016

FØRSTE GONG: For fotograf Anne Kristoffersen er det ei unik oppleving at isen har lagt seg på Berlepollen.

Foto: Anne Kristoffersen

– Eldre folk her i bygda fortel at dei i tidlegare tider har opplevd at dei har kunne gått på skøyter på tvers av pollen om vinteren. Det kan ein ikkje gjere no, men eg har aldri opplevd å sjå is på pollen på denne måten, fortel Kristoffersen.

Is også på vestsida av Bremanger

Også i Iglandsvik i Bremanger, heilt ut mot det opne havet, har det frose til. Eldrid Røyset Førde tok bilete av frose hav torsdag ettermiddag.

Iglandsvik med is på sjøen

SJELDANT SYN: Is på sjøen i Iglandsvik i Bremanger er ikkje noko folk opplever ofte.

Foto: Eldrid Røyset Førde

I motsetnad til ferskvatn, så skal det mykje til for at saltvatn skal fryse til is. Medan frysepunktet for ferskvatn er 0 grader, er tilsvarande tal for sjøvatn -1,92 grader, dersom saltinnhaldet er 35 promille.

I innlandet er det mange som har teke fram skøytene sine. Torsdag kveld var det mellom anna stor aktivitet på Barsnesfjorden i Sogndal. Keir Ørnehaug i Viksdalen prøvde styrken på isen på Viksdalsvatnet med øks, utan å få hol.

Is på Viksdalsvatnet

STERK IS: På Viksdalsvatnet stod isen imot øksehogget til Keir Ørnehaug.

Foto: Keir Ørnehaug