Hopp til innhold

Sa ja til eitt og nei til to vindkraftprosjekt

Kommunestyret i Gulen sa i kveld ja til eitt, men nei til to av dei omstridde vindkraftprosjekta i kommunen.

Brosviksåta frå helikopter

JA HER: På Brosviksåta i bakgrunnen kan det no kome 30 vindturbinar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fleirtalet i kommunestyret sa ja til vindpark på fjellet Brosviksåta, medan fleirtalet av poltikarane sa nei til ei utbyggjing på Sandøy og i Dalsbotn.

Ordførar og vindmøllemotstandar Hallvard Oppedal (Sp) meiner at utfallet i kommunestyret vart slik han trudde.

– Speglar folkemeininga

– Det var vel eit resultat som venta omtrent. Brosviksåta, som vi gjekk inn for, er jo eit anlegg som ikkje har vore så mykje kontroversar om, seier Oppedal til NRK.

Han vil ikkje vedgå at han er skuffa over at eit fleirtal på 15 mot 6 gjekk inn for at det kan byggjast på Brosviksåta.

– Her har ein gjort eit val, og det speglar vel litt av folkemeininga i Gulen vil eg tru. Når det gjeld nei til dei to andre prosjekta, så er eg veldig nøgd. Vi har hatt ein strategi om å satse på turisme og hyttebygging, noko vi har gjort, så eg er veldig nøgd med at vi går imot at dei to parkane ikkje vert bygd ut, konkluderer Oppedal.

Mjømen skuffa

Gruppeleiar for Høgre, og nyvald fylkesleiar i partiet, Arve Mjømen, var langt frå nøgd etter kommunestyremøtet. Han har markert seg som ein sterk forkjempar for vindmølleparkar i Gulen.

– Dette var no i overkant dårleg resultat i forhold til det eg forventa. Eg er mest skuffa over at ein ikkje kan sjå samanhengen mellom Brosviksåta og Dalsbotn. Det er med dei grunnar at vi har ei kraftline som skal ut frå desse felta, som då ville kunne gått utanom bygde område, meiner Mjømen.