Hopp til innhold

Sa ja til eigedomsskatt i går - vil seie nei neste gong

Framstegspartiet i Selje har sett seg nøydde til å gjennomføre tidenes snuoperasjon. Frå eit blankt nei til eigedomsskatt, røysta dei onsdag ja. Men ved neste korsveg vil dei igjen seie nei.

Anne-Lise Drage/Selje

UVISST: Kva politikarane i Selje til slutt landar på i spørsmålet om eigedomsskatt er uvisst. Eit samrøystes formannskap sa ja, men Framstegspartiet sine representantar vil seie nei neste gong.

Foto: Privat/Stig Silden

– Vi måtte gjere det slik, for vi måtte gå for eitt av to vonde, fortel Anne-Lise Drage, som er ein av Framstegspartiet sine to representantar i formannskapet.

Kommunen er i ein særs utfordrande situasjon og har eit underskot som nærmar seg 10–15 millionar kroner, og det må kuttast.

Innføring av eigedomsskatt har vore eit stridstema i kommunen i lang tid, og då budsjettsaka var oppe til diskusjon onsdag, gjekk eit samrøystes formannskap inn for å innføre eigedomsskatt på bygg som ikkje driv med næring. Denne inntekta vil gje kommunen 2,15 millionar meir å rutte med.

– Vi gjekk inn for ordføraren sitt forslag, der Flatraket skule og sjukeheimsavdelinga ikkje vart rørt, men eigedomsskatt låg inne, seier Drage.

Ho og partiet sin andre representant ville heller støtte eit slikt forslag, enn det som rådmannen hadde fremja, der eigedomsskatt på næringsbygg, nedlegging av Flatraket skule og ei sjukeheimsavdeling låg inne.

Ordføraren håpar på semje, men Frp vil snu igjen

Ottar Nygård

HÅPAR: Ordførar i kommunen, Otter Nygård, meiner innføring av eigedomsskatt er det einaste som nyttar i den økonomiske situasjonen kommunen har hamna i.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ordførar i Selje, Ottar Nygård, frå Tverrpolitisk Liste, er nøgd med vedtaket i formannskapet, og håpar i det lengste at det også blir vedteke av kommunestyret når saka skal opp der.

– Det er vanskeleg å førespegle, men eg reknar med at det denne gongen blir fleirtal i kommunestyret for eigedomsskatt. Noko anna ser eg på som uverkeleg i høve den situasjonen vi er i no. Eg trur og håpar det blir ein realitet, seier ordføraren.

Skal ein tru Drage, så må nok ordføraren sjå langt etter eit samrøystes vedtak i så fall.

– Vi hadde ikkje tid til å legge fram vårt eige budsjettforslag, det hadde ikkje dei andre partia heller. Vi har gjeve beskjed at vi vil legge fram eit eige forslag, og vi vil bruke tida fram til kommunestyremøtet på eit slikt forslag. Vi har slett ikkje endra meining om eigedomsskatt. Vi må finne ein veg ut av uføret her, seier Frp-representanten.