Hopp til innhold

Sa ja til bomring rundt Førde

Fleirtalet i bystyret i Førde bestemte torsdag ettermiddag at dei vil gå inn for å opprette ein bomring rundt Førde.

bomstasjon

VIL HA: Politikarane i Førde gjekk i dag inn for at dei vil ha bompengering rundt Førde for å finansere ny E39 rundt byen.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Eit stort fleirtal av innbyggjarane i Førde er negative til å betale bompengar for å få bygd ny E39 utanom sentrum av byen.

Innbyggjarane sa nei

Ei meiningsmåling som vart gjort på oppdrag av Framstegspartiet tidlegare i vår viste at 52,9 prosent av dei spurde er negative til bompengar.

Bystyrepolitikarane i Førde har likevel gått inn for bompengefinansiering for å få realisert den såkalla Førdepakken.

Det inneber at E39 skal gå i tunnel utanfor sentrum av Førde. Ein reknar med at prosjektet bil koste 1 milliard kroner.

Går vidare med arbeidet

Jorunn Eide Kirketeig

SA JA: Jorunn Eide Kirketeig (Ap) sa ja til bompengar som mogleg finansiering.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Frank Willy Djuvik

SA NEI: Frank Willy Djuvik (Frp) er skuffa over resten av bystyret som sa ja til bompengar.

Foto: FrP

– Vi ønskjer å finne ut om bompengefinansiering kan gjere at vi får fortgang på å få til den såkalla Førdepakken. Det er også viktig at vi får løyst dei trafikale problema vi har i Førde sentrum, det seier gruppeleiar Jorunn Eide Kirketeig i Førde Ap.

Politikarane har no bede rådmannen om å gå vidare med arbeidet. Det vil seie at kommunen vil be Vegvesenet om å greie ut bompengar som ei mogleg finansiering av Førdepakken.

– Dei trafikale problema i Førde gjer at utviklinga av byen stoggar opp. Difor meiner vi det er svært viktig å finne ei løysing. Bompengar kan vere del av dette, seier Kirketeig.

Djuvik: – Eg er veldig skuffa

Bystyrerepresentant for Førde Frp, Frank Willy Djuvik er djupt skuffa. Saman med den andre representanten frå Framstegspartiet stemte dei mot bompengefinansiering.

– Eg er veldig skuffa over at fleirtalet i dag gjekk inn for bompengering rundt Førde. Dette går heilt på tvers av det folk i Førde vil, seier Djuvik og viser til meiningsmålinga som vart gjort for kort tid sidan.

Djuvik meiner også vedtaket kjem på eit for tidleg tidspunkt.

– Vi veit ikkje ein gong kva Førdepakken inneheld. Kor mange kommunale og fylkeskommunale vegar skal den til dømes innehalde? Det veit vi ikkje, seier Djuvik.

– Dette vert heilt feil

Frp-politikaren er provosert over fleire andre politikarar i byen, som ifølgje Djuvik har hevda at bompengar er siste utveg.

– Dei har ikkje prøvd noko anna. Det har ikkje vore eit politisk press frå Førde inn mot verken Fylkeskommunen eller statlege styresmakter. Då vert det feil å berre gje innbyggjarane rekninga utan å ha kjempa, seier Djuvik.

Frp fremja i bystyret forslag om å få til ei folkerøysting om kor vidt innbyggjarane vil ha bompengar, men dette vart nedstemt.

– Dersom innbyggjarane hadde sagt ja til bompengar, ville også eg kunne sagt ja til det, seier Djuvik.