Hopp til innhold

Brrrrr... så kald var julenatta og 1. juledag i fylket

Ein nydeleg stjernehimmel ramma inn julenatta over Sogn og Fjordane. Men med klarvêret søkk temperaturane. På Filefjell blei det i morgontimane målt over 30 minusgrader.

Kaldt på Filefjell

BEINKALDT: På Kyrkjestølen på Filefjell var det 27,6 minusgrader klokka 8 1. juledag. Men ut på tur må ein likevel.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Frå innland til kyst er det målt minusgrader julenatta og 1. juledag. Frilansfotograf Jan Christian Jerving var tidleg ute og fanga den iskalde stemninga med sitt kamera.

– Eg ser no at det har tippa over minus 30 grader på Filefjell. - 30.3 gr.vart det målt no klokka 09.00, fortel Jerving.

Kor kaldt har det vore hos deg? Vi tek svært gjerne imot temperaturmålingar, og gjerne bilete frå heile fylket. Send oss ein epost på sf@nrk.no, ei melding på Facebook eller som tekstmelding med kodeord SF til 1987.

Fleire har sendt oss sine temperaturmålingar frå julenatta og juledagen. Mellom andre John Molland som melde om 21 kalde grader på Veitastrond. Stig Oldeide melder om minus 13,6 i Hjelmelandsdalen!

Frå heile fylket melder folk om solide minustemperaturar, og klokka 14.30 i dag måte Ove Haugen minus 23,5 på Hesjevollen i Jostedalen.

Vervarslinga på Vestlandet har registrert følgjande minimumstemperaturar natt til 1. juledag:

  • Takle - 4,4
  • Kleivavatnet - 17,6
  • Lærdal - 7,7
  • Sogndal lufthamn - 12,6
  • Njøs, - 6,3
  • Fjærland - 15,7
  • Furunes - 5,5
  • Førde lufthamn - 10,7
  • Ytterøyane fyr - 0,8
  • Myklebustfjellet - 8,6
  • Florø - 4,7
  • Kråkenes - 0,9
  • Stryn, Kroken - 12,5
  • Sandane - 6,4
Laster Twitter-innhold
Kaldt på Veitastrond

BEINKALDT: På Veitastrond blei det målt 21 minusgrader 1. juledag.

Foto: John Molland
Kald julenatt i Lærdal

VAKKER VINTER: I Lærdal var det nmålt 7,7 vakre minusgrader julenatta.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Les også: Her var det -35,6 på gradestokken