Hopp til innhold

Sa han ville ha raudt - og fekk det

Det gjekk troll i ord då Eirik Bakke i Målrockmagasinet sa han måtte pådra seg eit raudt kort for å kunne komme på Målrock.

Bakke i Målrockmagasinet

TROLL I ORD: Eirik Bakke sa på spøk til Målrockmagasinet at han skulle pådra seg raudt kort, og slik gjekk det.

Foto: NTB scanpix-Jan Kåre Ness/Faksimile frå Målrockmagasinet

Han vart nemleg intervjua i Målrockmagasinet som har komme ut i samband med festivalen på Årdalstangen til helga. På spørsmål om Sogndal-spelar Bakke kjem på Målrock svarte han slik:

– Det håpar eg at eg får tid til. Eg har kamp mot Rosenborg søndag, men eg får ta på meg eit raudt kort helga før, slik at eg kjem på Målrock for første gang.

Det skriv Sogn Avis.

Tek det med humor

Og slik vart det. Med to gule kort vart det raudt kort og utvising på Bakke i kampen mot Molde på laurdag. Bakke tek det heile med humor.

– Hehe, det er jo typisk at dette skulle skje akkurat i den kampen sidan eg sa dette. Eg har allereie fått nokre tekstmeldingar med smileteikn bakom dette, seier Bakke til Sogn Avis.

Berre spøk

Og det var absolutt ikkje med vilje at han fekk raudt kort.

– Sjølvsagt ikkje. Dette var noko eg sa humoristisk for ei god stund sidan. Det raude kortet var dessutan utruleg billig, seier Bakke til avisa.

Trass i det raude kortet har han likevel ikkje høve til å komme på Målrock til helga.

– Eg får heller ta det når eg legg fotballskoa på hylla. Det vert vel ikkje så lenge til.