NRK Meny
Normal

Så glade er dei for finaleplass

Førde Volleyballklubb vann 3–1 borte mot NTNUI i andre semifinale i sluttspelet. Dermed er dei klare for finalen. Men kven dei skal møte der, får dei ikkje svar på før søndag.

Førde klare for finale

KLAR: Eit jublande Førde-lag etter sigeren mot NTNUI.

Foto: privat

– Det er godt, klart det er det. No skal vi ta oss tid til ei lita feiring, for vi har nådd tre av dei tre måla vi sette oss; cupfinale, 3.-plass i serien og sluttspelfinale, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Førde spelte stabilt godt dei to første setta og tok desse godt i hamn. Men i 3. sett butta det litt for Førde-klubben.

– Vi fekk litt for mange feil, spesielt serve-feil, i 3. sett. Dermed kom vi bak nokre poeng, og det klarte vi ikkje heilt å snu, seier Tvinde.

Men etter ein kort omrokering var Førde tilbake i godt slag.

Heldt presset

– Anders Røneid debuterte frå start og gjorde det veldig bra. I 4. sett sette vi inn Vasile Afloarei for Røneid, fekk ein god start og hadde god serving gjennom heile kampen. Vi hadde dei under press og heldt heilt inn til mål, seier Tvinde.

Han peikar på at forsvaret var solid, og at libero Øystein Bergum spelte ein svært god kamp.

– Han hadde utruleg godt mottak. Det er slikt som ikkje slår ut på poengstatistikken, men i dag var han svært viktig for oss, seier Tvinde.

Skal møte Nyborg eller Tromsø

Også Håvard Aarrestad var tilbake i godt, gammalt slag, og stod for 23 poeng.

– På fire sett er det godt gjort, seier Tvinde om 19-åringen.

Anders Røneid var godt nøgd med å kunne debutere frå start i ein så viktig kamp.

– Klart det er litt ekstra spennande når det er ein kamp som tel så mykje. Men eg er nøgd, og det var veldig kjekt, seier Røneid.

Sogningen var ute i ti månadar i fjor på grunn av operasjon etter å ha fått skuldra ut av ledd.

– Det smakar ekstra godt å debutere etter å ha lagt ned så mykje trening etter skaden, seier Røneid.

No ventar førdianarane i spenning på kven dei skal møte på andre sida av nettet i finalen. Om det vert Nyborg eller BK Tromsø vert ikkje avgjort før søndag.

– Det er same for oss kven vi møter, men det hadde vore ekstra artig med ein Tromsø-tur, sidan vi tapte mot dei i siste kampen i serien, seier Tvinde.

Vegopning på Bergum i Førde kommune