NRK Meny
Normal

– Dette er det vi har ønskt heile tida

Årdal-trenar Ivan Øy kan ikkje anna enn å smile etter at det laurdag ettermiddag vart klart kva lag dei skal møte neste sesong.

Årdal-trenar Ivan Øy

NØGD: Årdal-trenar Ivan Øy er godt nøgd med avdelingsoppsettet for neste sesong i 3. divisjon.

Foto: Siren B. Svortevik

– Eg er kjempefornøgd, gliser Øy.

For etter ein sesong der laget har køyrt ikkje mindre enn 8000 kilometer med klubbussen, og teke 44 ferjer, er dei veldig klare for å reise over fjella til Austlandet i staden.

Norges Fotballforbund (NFF) presenterte i ettermiddag avdelingsoppsettet for 3. divisjon. Som det einaste tredjedivisjonslaget frå fylket er Årdal med i avdeling 3, der årdølene møter lag som Lillestrøm 2, Skedsmo, Ull/Kisa 2, Kongsvinger 2 og Jevnaker (sjå faktaboks).

– Dette er det vi har ønskt heile vegen, fordi dette medfører mykje kortare reiser i tid for oss, seier trenaren.

Glad dei slepp ferjene

Årets sesong avslutta Årdal på åttandeplass i avdeling 8. Her vart det mange lange turar til Møre for å møte lag som Kristiansund FK, Brattvåg og Spjelkavik. Turane nordover har medført mange ferjeturar også, noko som har blitt eit stressmoment, seier Årdal-trenaren.

Ei litt uhøgtideleg oppsummering viste at laget la bak seg 8083 kilometer med klubbussen på veg fram og tilbake frå kamp. Klubben har signalisert til NFF at dei lange reiseavstandane har vore demotiverande både for spelarar og støtteapparat.

– Dette er ein del. Når vi no kjem med ei avdeling med lag frå Austlandet slepp vi den typen problematikk, seier Øy.

Han legg ikkje skjul på at ein del spelarar har talt på knappane og vurdert om dei må droppe laget på grunn av dei lange og tidkrevjande reisene.

– Så dette gir oss også høve til å få med fleire av spelarane inn mot neste sesong, seier Øy.

– Ei jamn avdeling

Øy har allereie gjort seg opp nokre tankar om laga dei møter til våren.

– Eg har følgt med dei i inneverande sesong, og det er ei jamn tredjedivisjonsavdeling vi er kome med i.

Han seier dei mellom anna har spelt to kampar mot Valdres det siste året. I januar vann Årdal 6–1 heime, og i sommar vende dei heim frå Valdres med 2–0 siger.

– No skal vi ha nokre treningskampar mot fleire lag i vinter, så får vi ein betre peikepinn på korleis vi ligg an, seier han.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.